Nytt beteningsutstyr for Bergen stasjon

I samband med fornyinga av fjernstyringa på Bergensbanen får Bergen stasjon no montert nytt beteningsutstyr for trafikkstyringa. Innkoplinga av utstyret skjer i helga 14.-15. januar og strekninga Arna – Bergen er derfor stengd for tog frå fredag kveld til søndag ettermiddag.

Trafikkstyrer Peggy Hammersvik betjener det gamle stillverkspanelet på Bergen stasjon. <strong> Foto: Bjørn Skauge </strong>

  
Prosjektleiar for moderniseringa av fjernstyringa på Bergensbanen, Kjell Atle Gullbrå i Utbygging, opplyser at det gamle, tradisjonelle stillverket på stasjonen no blir erstatta av eit nyt, skjermbasert anlegg.

I samband med omkoplinga er det nødvendig å slå av sikringsanlegget på Bergen stasjon, og alle tog vert derfor erstatta av bussar mellom Bergen og Arna frå fredag 13.januar kl. 20.20 til søndag 15.januar kl. 16.50.

Nytt anlegg for heile Bergensbanen

Heile Bergensbanen får no nytt fjernstyringsanlegg , seier fagleg leiar signal, Bjørn Skauge. Det nye anlegget er av typen Vicos og vert bygd av Siemens. Anlegget skal bidra til å betre både punktlegskapen og kapasiteten på Bergensbanen og tilhøyrande banestrekningar.

Med nytt CTC-anlegg vil ein også kunne få betre oversikt ved avvikssituasjonar, noko som igjen fører til at togleiarane enklare kan gjere prioriteringar som gir en så smidig trafikk som mogleg. Det nye fjernstyringssystemet vil også gi betre publikumsinformasjon ut til stasjonane på Bergensbanen. Heile banen får nytt fjernstyringsanlegg i løpet av våren i år.

 
Senioringeniør Oddbjørn Tollefsen førebuer dei stor omkoplingsarbeida på Bergen stasjon. <strong> Foto: Bjørn Skauge </strong>