Nye Ulriken tunnel klår for oppstart

Prosjektet nye Ulriken tunnel har gått gjennom ekstern kvalitetssikring på oppdrag frå Samferdsledepartementet. Alt ligg med det til rette for vidare framdrift og mogeleg byggjestart i 2013.

 Prosjektet har gått gjennom den eksterne kvalitetssikringa, kalla KS2, som alle prosjekt med kostnadsramme på over 750 millioner må gjennom for at Samferdsledepartementet skal kunne gje tilråding for bevilgning over statsbudsjettetProsjektleder Hans-Egil Larsen er svært fornøyd med at rapporten fra ekstern kvalitetssikring anbefaler videre fremdrift av prosjektet nye Ulriken tunnel (foto: Ingvild Eikeland)- Godkjenninge er ein viktig milepæl, seier nyansatt prosjektleiar Hans-Egil Larsen i Jernbaneverket Utbygging Sør/Vest.

- Vi vil nå starte oppbemanninga av prosjektorganisasjonen, sier han.

Omfattande prosess

- Vi hadde det første møtet med konsulentselskapet Holte Consulting allereie i juni, fortel assisterande prosjektleiar, Guri Miljeteig, i Jernbaneverket Utbygging Sør/Vest.

Møtet resulterte i ein førebels rapport frå konsulentane, der prosjektet fikk ein del innspel til kva ein måtte jobbe vidare med i prosjektdokumentasjonen.

- Det har vore veldig nyttig å få nokre frå utsida til å sjå på prosjektet, seier Miljeteig, som beskriv perioden fram til endeleg rapport frå konsulentselskapet som krevjandee og intens, men med mange gode innspel.

Først i midten av november kom rapporten via Samferdselsdepartementet med tilråding om vidare framdrift.

 

Positiv rapport

Konsulentselskapet Holte Consulting uttaler at: - Den reviderte kalkyla (…) svarar ut krava og oppdaterte styringsdokument er eit godt grunnlag for vidare styring. Vidare vert det framheva at prosjektet har ei proaktiv haldning til usikkerheit og fokus på sentrale usikkerhetsdrivarar.

Konsulentane tilrår ut frå dette vidare fremdrift, og at det snarast blir etablert ein passande prosjektorganisasjon. 

Illustrasjon av portalen til Ulriken tunnel sett fra Fløen i Bergen. Nytt tunnelløp til høyre. (Illustrasjon: Tolstrups 3D Studio)