Nye Hallingskeid tek form

Vel eitt år etter den dramatiske brannen på Hallingskeid stasjon tek det nye snøoverbygget og dermed også heile stasjonsområdet form. Stasjonen vert no heilt innebygd.

Storestålkonstruksjoner på plass på Hallingskeid. <strong> Alle foto: Njål Svingheim </strong>

- Målet er å bli ferdig med heile anlegget i haust, men her oppe er det vêrtilhøva som bestemmer, seier prosjektleiar Øystein Njåstad.

- Dette blir jo ein veldig fin stasjon, og eg er glad for å sjå kor bra og funksjonelt dette kjem til å bli, når så gale først skjedde her oppe, seier jernbanedirektør Elisabeth Enger. Ho er på synfaring på anlegget på Hallingskeid og på den krevjande høgfjellsstrekninga saman med prosjektleiinga.  - Det er klart at når vi må byggje opp igjen noko på nytt, så skal vi gjere det på ein skikkelig måte og etter ein moderne standard seier Enger.

Vindauge

Hallingskeid blir no ein stasjon der alle spor blir innebygde. Forutan betongbygget, som sto igjen etter brannen, vert det reist eit nytt overbygg i stål i 200 meters lengd austover og eit tilsvarande på 150 meter vestover. Av dette dekkjer 90 meter ein del av stasjonen som tidlegare var i friluft. Det vert også bygd ny betongplattform med 76 centimeters høgd i 250 meters lengd. For å få dagslys inn på stasjonen og utsikt frå toga blir det vindauge i det nye stålbygget. All infrastruktur: spor, kablar, signal og kontaktleidning blir også fornya.

Veret

- Dette blir ein veldig bra og funksjonell stasjon for både togkryssingar og passasjerar, seier  Øystein Njåstad. Han har stått midt oppe i utfordringane sidan oppryddinga og gjenoppbygginga starta i fjor sommar. Om lag 93 millionar kroner vil den endelige prisen verte. - Den største utfordringa her er jo staden stasjonen ligg på og vêrtilhøva, seier Njåstad. Ved 17.maitider hadde vi for eksempel ein snøstorm her som gjorde at vi måtte innstille arbeida i tre dagar, illustrerer han. Alt utstyr, inkludert betongen til støypearbeida må køyrast inn med tog innimellom den ordinære togtrafikken.   

Nå går monteringa av stålplatene i det 200 meter lange austre snøoverbygget føre seg. Når dette er fullført, er vintertrafikken redda, men målet er å få ferdig også det vestre bygget. Om anleggsfolka vinn å bli heilt ferdige, vil vêret utover hausten avgjere.

Prosjektleder Øystein Njåstad (t.v) og jernbanedirektør Elisabeth Enger.
  

Fakta: "Nye" Hallingskeid stasjon:

•To nye snøoverbygg i stål som dekkjer begge spora, og eit buttspor
•Samla lengd på nye snøoverbygg er 350 meter
•Stasjonen blir heilt innebygd, men får vindauge i snøoverbygget
•All infrastruktur vert totalfornya
•Entreprenør Spilde (betongarbeider) og Stokke Stål (stålarbeida), og Jernbaneverket
 

Bakgrunn:


Den 16. juni i fjor brann snøoverbygget på Hallingskeid stasjon ned til grunnen. Tilbake stod berre eit betongbygg på midten. I brannen vart  også eit dobbelt motorvognsett av type 73 øydelagt. Ingen menneske kom til skade. Rapporten frå Havarikommisjonen peiker på gneistar frå sveisearbeid som ei mogleg årsak til brannen. Bergensbanen var stengd i ei veke etter brannen. Sist vinter var det berre i  godvêrsperiodar at tog kunne krysse på Hallingskeid på grunn av det manglande snøoverbygget.

Her monteres stålplater på det nye snøoverbygget.

 
.