Kritisk for mange signalanlegg

Tog på norske skjener er avhengig av signalanlegg frå 50-åra. Nå brenn det eit blått lys for mange av anlegga, og Jernbaneverket vil tidleg neste år presentere ein omforent strategi for utskifting av dei gamle anlegga.

Silja Vestre <strong> Foto: Øystein Grue </strong>
Ei tilstandsbeskriving av anlegga syner at det eir meist kritisk på Østfoldbanen frå Oslo S til Moss, på Bergensbanen og på Ofotbanen. Produksjonen av desse anlegga har for lengst opphøyrd og delelageret er i ferd med å tømmast.

- Fornyeing av signalanlegga må til om Norge skal ha ein driftssikker jernbane, seier “general” for planlegging og fornying av jernbanens signalanlegg, Silja Bjerke Vestre.

- Når vi går i gang med ein ny signalteknologi, må vi byggje vidare på Jernbaneverkets prosjektkompetanse på signal, og ikkje minst på erfaringar frå prosjektgjennomføringa ved etablering av GSM-R-nett og ny togradio.

Avdelingsdirektør Silja Bjerke Vestre har ansvaret for planleggjing og iinnføring av det nye felleseuropeiske signalsystemet ERTMS, som regjeringa har bestemt skal bli det nye signalanlegget på det norske jernbanenettet. Sivilingeniøren har mellom anna erfaring frå Hydro Aluminiums teknologisenter i Årdal og frå Norsk Hydro Utbygging som prosjektingeniør.

Les meir om signalsituasjonen i nytt nummer av Jernbanemagasinet.