Hallingskeid snart klar for vinterdrift

Byggearbeida på Hallingskeid stasjon er no komne langt nok til at ein kan slå fast at togtrafikken i vinter kan gå uhindra. To hundre meter med nytt snøoverbygg austover er ferdig.

  Ferdig snøoverbygg på Hallingskeid øst. <strong> Foto: Bjørn Skauge </strong>
-- Vi kjem til å få like mykje av Hallingskeid stasjon ferdig innebygd som det vi hadde før brannen i fjor, seier prosjektleiar Ketil Thorsen. I desse dagar går tetting av det ferdige stålbygget i retning aust føre seg, mens mykje framleis står att i det vestre bygget.

– For å hindre at snøen trengjer inn må vi tette alle skøytar, og ikkje minst skal vindaugsrutene langs heile utsida på bygget på plass før vinteren, seier Thorsen. Dette skal på plass i heile det austre bygget og i delar av det vestre før vinteren set inn for fullt på Hallingskeid.

Forbedringer

Sist vinter var det i uvêrsperiodar umogleg å gjennomføre togkryssingar på Hallingskeid fordi berre eitt spor kunne haldast ope og rydda for snø.  – Denne vinteren får vi ein stasjon som i høve til vêret blir like bra som før brannen, seier Thorsen, men vi blir ikkje ferdige med heile det vestre snøoverbygget. Dette skal lengjast med 60 meter i forhold til dei gamle bygga, og heile stasjonen skal med dette vere innebygd.
Neste sommar blir det derfor også full aktivitet på Hallingskeid med bygging av resten av det vestre snøoverbygget og den nye plattforma som skal byggjast i 250 meters lengd. Når alt er ferdig, blir Hallingskeid ein mykje betre stasjon med solide snøoverbygg i stål og gode på- og avstigingsforhold

 Fakta: "Nye" Hallingskeid stasjon:

• To nye snøoverbygg i stål som dekkjer begge spora, og eit buttspor
• Samla lengd på nye snøoverbygg er 350 meter
• Stasjonen blir heilt innebygd, men får vindauge i snøoverbygget
• All infrastruktur vert totalfornya
• Entreprenør: Spilde (betongarbeid) og Stokke Stål (stålarbeida), og Jernbaneverket

 

Den16.juni i fjor brann snøoverbygget på Hallingskeid stasjon ned til grunnen. Tilbake stod berre eit betongbygg på midten. I brannen vart også eit dobbelt motorvognsett av type 73 øydelagt. Ingen menneske kom til skade. Rapporten frå Havarikommisjonen peiker på gneistar frå sveisearbeid som ei mogleg årsak til brannen. Bergensbanen var stengd i ei veke. Sist vinter var det berre i  godvêrsperiodar at tog kunne krysse på Hallingskeid på grunn av det manglande snøoverbygget.



Snøoverbygg under bygging på Hallingsjeid vest. <strong> Foto Jon Himle </strong>