Folkefest på nye Marnardal stasjon

Marnardølene stilte mannsterkt opp da ordførar Helge Sandåker tok den offisielle nyåpninga av Marnardal stasjon.

Tiltak til 26 millioner

- Jernbaneverket har investert 26 millionar kroner i oppgraderinga av Marnardal stasjon, kunne prosjektdirektør for Regionale prosjekt, Jon Brede Dukan, fortelje.

Prosjektdirektør Jon Brede Dukan gratulerte marnardølene med nytt stasjonsområde og takket for tålmodigheten i byggeperioden (foto: Ragnhild Aagesen)

Både mellomplattforma og hovudplattforma på stasjonen har blitt lengre og høgare for å passe til toga som stopper på stasjonen. Også stasjonsbygningen og venterommet er pussa oppt, og har mellom anna fått rullestolsrampe og handikaptoalett.

Tog framfor bil

- Marnardal kommune er særs glade for at Jernbaneverket har brukt så mykje pengar på stasjonen vår, sa ordførar Sandåker i sin tale. Toget er viktig for marnadølene, og utkonkurrerar bilen på reisetid til byen.

- Med ei reisetid på ein knapp halvtime frå Maranardal til Kristiansand kan ein leve det gode liv på landet i Marnardal og fint dra til byen med toget for å jobbe, sa ordføraren. Til samanlikning går det ein time med bil.

- Målet må vere at fleire frå byen også vil komme hit for å jobbe, la Sandåker til og fortalde om kommunen sine planar om vidareutvikling av eit sentrum kring stasjonen.


Prosjekt på skjener

Entreprenørane som har stått for ombyggnaden av Marnardal stasjon er Norsk Jernbanedrift og Kaspar Strømme. Representantar frå båe selskapa roste samarbeidet med Jernbaneverket som dei karakteriserte som særs godt.

Også prosjektleiaren i Jernbaneverket, Sigurd Grønningsæter, skrøyt av effektivt og godt samarbeid med entreprenørane. - Prosjektet er fullført føer tida og til lågare kostnad enn vi hadde rekna med, sa Grønningsæter i si takketale.


Lokale underhaldarar

Tolv år gamle Nora Skjævesland hausta stor applaus da ho sang vakre stev med klår røst for ei lydhør forsamling.

Også lokalhistorikaren John Lauvdal frå Marnardal Historielag fekk publikum til å spisse øyrer da han fortalde om da jernbanen kom til Marnardal.
 
Det lokale bandet med det treffande namnet Tøffere enn toget, innfridde og med to sangar frå kjende artistar med togtema; Elvis sin Mystery train og Folsom prison blues av Johnny Cash.

Ordfører i Marnardal, Helge Sandåker, klipper snoren og erklærer nye Marnardal stasjon for åpnet. Til venstre: byggeleder Roy Ramsland holder snoren. (Foto: Ragnhild Aagesen)

Mange ville være med på feiringen av det nye stasjonsområdet på Marnardal. (Foto: Ragnhild Aagesen)

Marnardal stasjon har fått to nye plattformer og rullestolsrampe til venterommet (foto: Ingvild Eikeland)