Diplom til Darbu

Jernbaneverket er tildelt diplom for vern av Darbu stasjon frå Fortidsminneforeningen i Buskerud.

Diplom til Darbu: Kristina Waksvik fra Fortidsminneforeningen har overrakt diplomet til Ingebjørg Bjørgum fra Jernbaneverket. Foto: Trude Isaksen.Prosjektleiar Ingebjørg Bjørgum tok i mot diplomet tysdag 15. november.

- Jernbaneverket er stolt over å få diplom for arbeidet med Darbu, seier Bjørgum. – Dette var ei hyggeleg anerkjenning frå Fortidsminneforeninga Buskerud for den innsatsen vi har lagt inn i vernet av stasjonen.

Darbu stasjon er frå 1871 og er freda. Oppussinga har derfor skjedd i tråd med vernehensynet, og blei ferdigstilt i haust.

- Vi har jobba etter originaltegningane av stasjonen, og mellom anna funne frem til dei originale fargana, fortel Bjørgum. – I tillegg har vi gjenopna det gamle dørpartiet mot plattforma og rehabilitert taket.

Darbu er ein av relativt få stasjonar som er i Jernbaneverket sitt eige. Dei aller fleste bygningane vert eigd av Rom Eiendom AS.

- Jernbaneverket eig nokre freda stasjonsbygningar i Buskerud og Telemark, seier Bjørgum. - Vi har teke eit krafttak for å halde dei i god stand. Mellom anna vart Meheia pussa opp i 2011-2012, og nå er vi i gang med Tinnoset.