Bruer må haldast ved like

Jernbaneverket startar i sommar opp eit fleirårig vedlikehaldsprogram for dei mange stålbruene på Sørlandsbanen. Først ute er Bru over Østeråa ved Tjønnås i Telemark

Bru over Østeråa ved Tjønnås i Telemark. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>

Jernbaneverket sine folk på Sørlandsbanen har sjølv gjennomført omfattande inspeksjonar av alle bruene på banen. Inspeksjonane viser at det er nødvendig med fornying av dei mange stålbruene på banen. Dette er bruer som vart bygde samtidig med banen på 1920- og 1930-talet. På bakgrunn av desse inspeksjonane er det så laga ei liste over kva som må gjerast på kvar einskild av dei. – Lista vi har laga dannar så grunnlag for rekkjefølgja på brufornyinga, fortel fornyingsleiar Arne Bujordet på Sørlandsbanen i Kristiansand. – Vi startar i år med den 26 meter lange brua over Østeråa ved Tjønnås mellom Bø og Lunde i Telemark. – Dette er ei av de mindre bruene våre, og vi vil bruke røynslene frå arbeidet med denne brua også når vi kjem til dei andre, seier Bujordet.

Sørlandsbanen har også mange stålbruer som er store, dei største har ei lengd på ca. 200 meter med mange beresøyler og bogar. – Jobben som skal gjerast er å sandblåse alle ståldelane på brua, deretter vert alle eventuelle skadar brua har fått i løpet av åra, reparert, og heile brua blir så grunna og måla. For å få jobben gjort må heile brua “pakkast inn” for å hindre at støv og forureining kjem ned i vassdraget under. Ofte må det også byggjast ein ny anleggsveg fram til brua for at ein skal  komme til med maskiner og utstyr. – Jobben blir i hovudsak av same type på alle bruene, men det er klart at omfanget vil variere mykje med storleiken på brua, seier Arne Bujordet. Neste år er det Launes bru ved Egersund som står for tur, og deretter kjem den 66 meter lange brua over Nessundet ved Oggevatn. – Vi reknar med å gjennomføre slike fornyingar med ei til to av stålbruene våre kvart år framover i minst ti år, seier Bujordet.

Også dreneringsanlegg og fyllingar

 
Oppsynsmann Jarle Snøås har ansvar for banestrekninga Nordagutu – Neslandsvatn. – Her på denne strekninga har vi ti stålbruer, fortel Snøås. – Det er veldig bra at vi no er i gang med dette programmet for brufornyingar, seier han. – Ved sida av å halde nøye oppsyn med dreneringsanlegg som stikkrenner og linjegrøfter er bruene med tilhøyrande fyllingar og landkar noko som krev stadig merksemd.

Kontroll på vatnet


Prosjektleiar Lars Kile opplyser at Jernbaneverket har eit eige prosjekt for drenering og stabilisering av fyllingar på strekninga Nordagutu – Nelaug. – Felles for det meste av denne strekninga er lausmassar og leirhaldige område. Ved Svenseid aust for Lunde har vi i vinter bygd ein ny og kraftig støttemur for å halde jernbanefyllinga på plass. – Slike tiltak ønskjer vi å gjere også på fleire stader, forklarer han. Dermed kan vi spare mykje på stadig justering og pakking av sporet, samtidig som det er viktige tiltak for tryggleiken, legg han til.

Prosjektet skal utføre fornyingar og utvidingar av eksisterande grøfter, stikkrenner og vassvegar for å få kontroll på vatnet. I tillegg skal ein del eldre støttemurar fornyast og altså nokre nye støttemurar byggjast, seier Kile. Den nye muren ved Svenseid er eit døme på dette. Der hadde fyllinga sige ut så mykje at masta for kontaktleidningen med tilhøyrande fundament ikkje lenger kunne brukast. Ny mast måtte setjast opp, mens den gamle tydeleg står “halv tolv” ved sida av.   – Dette er viktige tryggleikstiltak som vi kanskje burde få inn i en pakke for ekstraordinære tiltak mot ras og utglidingar, foreslår prosjektleiaren. Ulike vass-sikringstiltak står høgt på lista over prioriterte tiltak på alle baner.

Mange tiltak


Andre tiltak som vert gjennomførte  på Sørlandsbanen i år, er utskifting av skjener og sviller på fleire delstrekningar, bygging av fundament til ny kontaktleidning på Jæren, fjellreinsk i sideterreng og tunnelar, skogrydding, masseutskifting på utsette punkt mellom Egersund og Sandnes og montering av naudlys i den 8,5 kilometer lange Hægebostadtunnelen, ei sak vi kjem tilbake til seinare.  I tillegg renoverer vi to betongbruer på Sørlandsbanen i år. Dette gjeld bruene over riksvegen for “Nordre tilsving” ved Krossen i Kristiansand. I alt vert det brukt  84 millionar kroner til forskjellige fornyingstiltak og planlagt vedlikehald på Sørlandsbanen mellom Nordagutu og Stavanger i år, talet inkluderer Arendalsbanen. Fire sporvekslar skal og skiftast ut, og 4,5 kilometer bane får nye skjener. Skinnebyttet vert utført i Drangstunnelen vest for Moi og sør for Nordagutu.Brua pakkes inn før den sandblåses og males. <strong> Foto: Njål Svingheim

Ny støttemur for jernbanefylling ved Svenseid <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>