Baneservice byggjer ny kontaktledning på Jæren

Jernbaneverket har inngått kontrakt med Baneservice om byggjing av nytt kontaktleidningsanlegg på Jærbanen. Kontrakta er på 197 millionar kroner og strekninga skal vere ferdig hausten 2015.

  
Ny type kontaktledningsmast i Egersund. Slike master skal nå opp over hele Jæren.  <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>  

Det er på høg tid at det gamle kontaktleidningsanlegget på Jærbanen frå Egersund til Sandnes nå skiftast ut. Anlegget er frå 1956 og trass i omfattande vedlikehald og ettersyn er det stadige feil på det. Også dei krevjande vertilhøva på Jæren med mykje vind og salt frå havet har bidrege til at det gamle anlegget nå er i dårleg stand. – Nå byggjer vi eit nytt og topp moderne kontaktleidningsanlegg på strekninga, fortel prosjektleiar Eystein Hillesund i Jernbaneverket. Det nye anlegget får autotrafoar, noko som gir mindre spenningstap og større effektoverføringsemne. Dermed kan det køyrast fleire og tyngre tog enn med den gamle typen anlegg.

-Dette er den største enkeltkontrakta vi nokon gång har fått, seier divisjonssjef for elektroprosjekt i Baneservice AS, Terje Wilhelmsen. Baneservice har for øvrig og hatt kontrakta på byggjing av fundament for mastene til det nye kontaktleidningsanelgget, ein jobb som nå nærmar seg fullføring.

62 kilometer

Strekninga det skal byggjast nytt anlegg på er frå Kjelland like aust for Egersund til Sandnes der det nye dobbeltsporet til Stavanger tek til. Strekninga er 62 kilometer lang og det ver bygd autotrafoar for kvar tiande kilometer. Arbeidet med å byggje det nye anlegget tek til med ein gong.

Bak fv: Prosjektleder Inge Fredheim Baneservice, divisjonsdirektør prosjekt elektro Terje Wilhelmsen Baneservice, fungerende banesjef Arne Bujordet Jernbaneverket og prosjektleder Eystein Hillesund Jernbaneverket. Foran fv administrerende direktør Ingvild Storås Baneservice og konstituerende banedirektør Karstein Søreide. <strong> Foto: Liv Bjørge </strong>