Arbeidshelg på Bergensbanen og innstilte tog

Frå fredag 13. april kl. 22.40 til søndag 15. april kl. 07.50 skal det utførast ei rekkje arbeid på strekninga Bergen-Hønefoss. NSBs fjerntog er difor innstilt i dette tidsrommet og det blir ikkje kjørt alternativ transport for desse toga.


 Bergensbanen vil derfor vere stengt for togtrafikk. Lokaltoga blir erstatta med bussar. (unntatt for stajonane Myrdal, Upsete og Vieren då desse ikkje har vegsamband).


For NSBs fjerntog Oslo S-Bergen blir det IKKJE kjørt alternativ transport. Merk at det ikkje blir kjørt nattog natt til laurdag (og heller ikkje busserstatning).


• På Voss stasjon skal det føregå ombygging og fornying av elektroanlegg, riving av gamle kontaktleidningsanlegganlegg og montering av nytt, samt gravearbeid for etablering av kummer og kabelkanalar, og montering av belysning.
• I Finsetunnelen og på Tunestveit skal det utførast arbeid med sporvekslane.
• Ved Ørgenvika skal Vegvesenet arbeida med innlegging av ny undergang under jernbanen.
• Elles skal det føregå førebuing for reinseverk-kjøring (utskifting av pukken i sporet), dreneringsarbeid, fjellreinsk, is- og vassikring i tunnelar, kontaktleidningsarbeid på fleire stader, pluss mykje kontroll av tekniske anlegg.


Vi gjer merksam på at det vil bli kjørt arbeidstog på banen heile helga. Ein må derfor forhalda seg som normalt ved ferdsel langs sporet: Tog kan ventast til ei kvar tid.
Vi beklagar ulempene dette medfører for dei reisande.

OBS! Det arbeides også på Kongsvinger- og Vestfoldbanen denne helga, sjå meir informasjon om dette her.

Mer informasjon om trafikkavvika finnes på NSBs nettsider NSB.no, og ved å kontakte NSBs kundesenter på telefon 815 00 888.