-Samanhengjande utbyggingar enda viktigare

-Meir samenhengjande utbygging er enda viktigare for jernbane enn for veg. Det seier samferdselsminister Marit Arnstad til Jernbanemagasinet.

 Samferdselsminister Marit Arnstad <strong> Foto: Brian Cliff Olguin </strong>

Jernbanemagasinet kkjem i desse dagar med nytt nummer. Her kan du lesa om den nye samferdselsministeren sine ambisjonar for jernbanen. Marit Arnstad tek mellom anna til orde for ei ny type finansiering for å løfta fram store jernbaneprosjekt.

Andre smakebiter frå det nye magasinet:

  • Tida er inne for å byggje ut nye sikrings- og signalanlegg etter den europeiske standarden ERTMS. Jernbaneverket satsar på teknologi som allereie virkar i andre land.
  • Riksantikvaren skamroser planane for Follobanen, som vil frigjere nye grøne areal rundt Middelalderparken i Oslo.
  • Leieren for stasjonseininga i Jernbaneverket tek til orde for å rydde opp på og rundt norske jernbanestasjonar.
  • Jernbaneverket byggjer opp ein eigen seksjon som skal ha ansvar for forsking og utvikling.
  • Tidlegere trailer- og bussjåfør elskar tog og har friviljug teke seg jobben som “stasjonsmeister” på Nesbyen.
  • “Pendlerane ser på toget som sitt ideelle transportmiddel,” skriv magasinets gjesteskribent.
  • Urpremiere for rallaropera i vagnhallen ved Rallarmuseet på Finse.

Jernbanemagasinet er Jernbaneverkets blad og kjem med åtte utgåver i året.