Vestfoldbanen opna att

(Oppdatert kl 15.55) Vestfoldbanen er opna for trafikk att etter å ha vore stengt frå Sande til Holmestrand på grunn av feil på kontaktleidningen sidan onsdag kveld.

Feila oppsto då eit tog rev ned kontaktleidningen. Jernbaneverket har arbeida på strekninga hele natta. Men torsdag morgon blei det avdekka fleire feil på strekninga som måtte reparerast. Klokka 10 torsdag føremiddag blei ytterlegare feil avdekka då mannskapa arbeida seg nordover i området frå Smørstein mellom Holm og Holmestrand.

Både bæreline og kontaktleidning var her riven heilt ned i fleire stolpelengder. Også leidningens loddavstramming var øydelagd.
Ved middagstider kom eit arbeidslag frå Nordagutu til unnsetning og med to lag i arbeid, kunne arbeidet avsluttast kl. 15.35 torsdag.
Trafikken vil kome i normal gjenge att etter kvart som NSB får toga sine i rett posisjon.