Vestfoldbanen: Ras mellom Larvik og Oklungen

Natt til torsdag 6.januar gjekk eit snøras mellom Larvik og Oklungen på Vestfoldbanen. Ettersom det er fare for fleire ras, vil Jernbaneverket ha området undersøkt av geolog før banen blir opna att for persontog. Dette kan tidlegast skje i løpet av fredag føremiddag.

Snøraset som gjekk mellom Oklungen og Kjose, som ligg mellom Larvik og Porsgrunn, hadde ei høgde på 3-4 meter. Om deler av infrastrukturen, som kontaktleidningsanlegg eller baneleikam, er skadd, vil fyrst kunne avklarast når banen er rydda for snø.

Medan banen er stengt vil det bli satt opp alternativ transport mellom frå Grenland til Larvik og attende. Toga vil dirmed kunne gå frå Larvik og nordover til Drammen, Oslo, Gardermoen og Lillehammer i rute.

Se også: NSBs nettside. 

Vestfoldbanen går mellom Larvik og Porsgrunn på ei vanskeleg tilgjengelig og rasutsatt strekning. Jernbaneverket har planlagt ny jernbane på denne strekninga.