Ualand kryssingsspor teke i bruk

Det forlenga kryssingssporet på Ualand på Sørlandsbanen er no teke i bruk. Kryssingssporet er forlenga frå 407 til 670 meter for å kunne handtere lengre godstog, og inngår i satsinga for meir godstrafikk på jernbane.

     Nytt kryssingsspor og støyskjerm på Ualand. <strong> Foto: Karl Ivar Urdal </strong>
Ualand kryssingsspor er det fyrste av ei rad prosjekt for å leggje til rette for fleire og lengre godstog på Sørlandsbanen. Etter at den nye godsterminalen på Ganddal ved Sandnes blei opna er det for stutte og for få kryssingsspor som saman med straumforsyningen set begrensingar for godstrafikken. Båe delar skal det gjerast noko med og sporforlenginga på Ualand er det fyrste prosjektet som er ferdig. 

Samstundes med bygginga av kryssingssporet er det og bygd ei ny overgangsbru over sporet og laga støyskjerm langs med sporet. Det nye sporet er bygd med 54 kilos skjener, det er bygd nytt kontaktleidningsanlegg for båe spor og nye sporvekslar, medan det eksisterande signalananlegget er tilpassa den nye sporlengda.

Til saman har anlegget kosta vel 60 millionar kroner. Det neste kryssingssporet på Sørlandsbanen som skal forlengast er på Nodeland.

Entreprenørar på arbeidet med å forlenge Ualand kryssingsspor har vore EKO-bygg AS på underbygning og konstruksjonar, Jernbaneverket drift på spor, KL-sørvis på kontaktleidning og Norsk Jernbanedrift på signal.
Ny overgangsbru over sporet. <strong> Foto: Karl Ivar Urdal </strong>