Tusen kilometer skog rydda langs jernbanelinjene

Langs alle banestrekningane i landet skal skogen ryddast for å skape betre tryggleik, punktlegskap og reiseoppleving. Tusen kilometer er rydda så langt, og no startar også jobben med å fjerne etterveksten.

    
Betre reiseoppleving er ein av fleire positive verknader av skogryddingsprosjektet.<strong> Foto: Njål Svingheim </strong> 
Skogryddingsprosjektet som skal fjerne tre og attgroing langs alle linjene i landet, har gått føre seg i tre år, og resultata er eintydig positive. Jernbaneverket sin "skog" er om lag 2500 kilometer lang og 15 meter brei. – Gevinstane av hogsten er openberre, seier prosjektleiar Morten Tanggaard. 

Resultat

Punktlegskapen vert betra fordi  langt færre tre kjem inn i spor eller kontaktleidning; det vert betre tryggleik fordi sikten vert betre og reiseopplevinga vert mykje betre av same grunn. Særleg på turistbanar som Bergensbanen, Dovre- og Raumabanen er dette ein viktig tilleggseffekt, seier Tanggaard. – Generelt kan eg seie at vi ser tydelege og gode resultat av dette prosjektet på oppetida til banane, seier prosjektleiaren.  
 
  – Vi reknar med at litt over helvta av dei 4000 kilometrane med jernbane i landet går gjennom skogslende og vert med dette omfatta av skogryddingsprosjektet, seier prosjektleiar Morten Tanggaard. Prosjektet nærmar seg altså halvgått løp, men samtidig må det no gjennomførast tiltak for å sikre at skogryddinga får ein varig effekt. 

Ettervekst og skjøtselsplanar

Skogryddingsprosjektet kom for alvor i gang hausten 2008, og den første banestrekninga som vart rydda, var den nordre delen av Gjøvikbanen. Der har no etterveksten kome så langt at det må setjast inn tiltak for å ta vare på effekten av skogryddinga. – Lauvskogen kjem fort attende og veks mange stader med éin meter i året, fortel Tanggaard. – Vi har derfor laga ein eigen skjøtselsplan for Gjøvikbanen som tar føre seg korleis vi skal halde skog og kratt vekk på varig basis. – I dette arbeidet har vi også hatt hjelp frå fagfolk ved Universitetet for miljø og biovitskap på Ås. – På denne måten vil røynslene vi no får med skjøtselsplanen for Gjøvikbanen, danne ein mal for korleis vi skal leggje opp planane for dei andre strekningane. Banedivisjonen vil no setje av øyremerkte midlar innanfor budsjettet til førebyggjande vedlikehald til å ta etterveksten etter skogryddinga. Sjølve jobben vil bli lagd ut i konkurranse for kvalifiserte entreprenørar.

Ferdig 2014

I tillegg til at Jernbaneverket no startar med å ta etterveksten på dei første strekningane som vart rydda for skog vil altså sjølve prosjektet rulle vidare. I år skal Roa- Hønefossbanen og Randsfjordbanen gjerast ferdige. På Dovrebanen, Nordlandsbanen og Østfoldbanen skal skogryddinga førast vidare, og på Vestfoldbanen blir det oppstart. Innan 2014 skal alle dei 2500 kilometrane med banar i skogsterreng vere ferdig rydda. Til saman vil Jernbaneverket bruke over 150 millionar kroner på rydding av skog langs banane i seksårsperioden 2008 – 2014.

Gjennom heile Hallingdal er skogen no rydda i minst 15 meters breidd langs Bergensbanen.<strong> Foto: Njål Svingheim </strong>