Storarbeid på Bergensbanen 1/10

Frå fredag 30.9. (kl. 23.00) til søndag 2.10. kl 3.00 skal Jernbaneverket utføra vedlikehalds- og fornyingsarbeid på strekninga frå Arna til Hønefoss og Oslo S. For å oppnå effektive arbeidsøkter, er strekninga stengt for togtrafikk. Det skal mellom anna gjerast fjellrens fleire stader, vassikring, signalarbeid, masseskifting, kontaktleidningsarbeid, skjene og svillebyte.

På Hallingskeid skal igjen bli mogeleg med togkryssingar etter 1/10. Foto: Njål Svingheim 
NSB køyrer buss for alle tog frå fredag 30/9 kl 23.00 til søndag 2/10 kl 03.00. Bussen brukar lengre tid enn toget, men passasjerane bedes om å møta opp i samsvar med rutetabellen.Vi gjer merksam på at det vil bli kjørt arbeidstog på strekninga i heile helga. Tog kan ventast til ei kvar tid.

OBS! Også i Osloområdet er delstrekningar og stasjonar stengt i eitt dlgn frå laurdag 1/10 kl 12.15 på grunn av anleggsarbeider, sjå egen sak.

Fleire, viktige fornyings- og vedlikehaldsarbeid skal gjennomførast denne helga:

- Arna – Trengereid: Masseskifting i planovergang på Takvam
- Trengereid – Vaksdal: Kontaktleidningsarbeid (master mm.)
- Bolstad – Bulken: Dreneringsarbeid pluss skjene- og svillebytte.
- Skjenebytte Bergensbanen - tilkapping av nye skjener
- Voss stasjon: Kabelarbeid, kontaktleidningsmontasje mm.
- Urdland – Reimegrend: Signalarbeid
- Reimegrend – Mjølfjell: Innlegging av ny bru ved Grytestølen
- Myrdal – Mjølfjell: Køyring av ballastreinseverk. Dette arbeider starta i veke 37, og skal avsluttast i veke 40. Pukken i sporet bli maskinelt reinsa for nedknust materiale, og rett fraksjon tilbakeført. Deretter bli det supplert med ny pukk, og sporet blir stabilisert og justert. Fleire, større maskiner er i sving.
- Myrdal – Hallingskeid: Reparasjon av snøoverbygg, og sporarbeid Hallingskeid stasjon.
- Tunga – Finse: Skifte av ballastpukk og dreneringsarbeid.
- Finse – Haugastøl: Kontaktleidningsarbeid, nye master.
- Gol – Nesbyen: Bytte av kontaktleidningsisolatorar
- Flå – Bergheim: Signalarbeid (bytte av sporfeltrelé)
- Diverse anna arbeid: Fjellrensk og vassikring Geilo – Finse, Trolldalen – Bergheim skiltmontering og anna arbeid etter gjennomførte kontrollar, Veme – Hønefoss arbeid i samband med ny RV7 Ramsrud – Heggenvanninga.

Opplegg for alternativ transport:

Oslo S-Bergen:

Natta mellom fredag 30.9. - laurdag 01.10:
Nattoget (605) frå Oslo S 23:09 til Bergen 06:56 er innstilt: NSB køyrer buss mellom Oslo S og Bergen. Det er ingen alternativ transport for passasjerar til Finse og Myrdal.

Laurdag 01.10:
Morgontoget (61) frå Oslo S 08:11 til Bergen 14:52 er innstilt: NSB køyrer buss mellom Oslo S og Bergen. Passasjerar til Myrdal vert køyrde e med buss til Flåm og nyttar Flåmsbana til Myrdal. Det blir ingen alternativ transport for passasjerar til Finse.

Dagtoget (601) frå Oslo S 10:31 til Bergen 17:52 er innstilt NSB køyrer buss mellom Oslo S og Bergen. Passasjerar til Myrdal vert køyrde med buss til Flåm og nyttar Flåmsbana til Myrdal. Det blir ingen alternativ transport for passasjerar til Finse og Hallingskeid.

Kveldstoget (63) frå Oslo S 16:07 til Bergen 22:35 er innstilt NSB køyrer buss mellom Oslo S og Bergen. Det blir ingen alternativ transport for passasjerar til Finse og Myrdal.

Bergen-Oslo S:

Natta mellom fredag 30.9. - laurdag 01.10:
Nattoget (606) frå Bergen 22:58 til Oslo S 06:26 er innstilt NSB køyrer buss mellom Bergen og Oslo S. Det blir ingen alternativ transport for kundar til Myrdal og Finse.

Laurdag 01.10:
Morgontoget (62) frå Bergen 07:58 til Oslo S 14:32 er innstilt. NSB køyrer buss mellom Bergen og Oslo S. Passasjerar til Myrdal vert kjørde med buss til Flåm og nyttar Flåmsbana til Myrdal. Det blir ingen alternativ transport for passasjerar til Finse.

Dagtoget (602) frå Bergen 10:28 til Oslo S 17:32 er innstilt. NSB køyrer buss mellom Bergen og Oslo S. Passasjerar til Myrdal vert kjørde med buss til Flåm og nyttar Flåmsbana til Myrdal. Det blir ingen alternativ transport for passasjerar til Finse og Hallingskeid.

Kveldstoget (64) frå Bergen 15:58 til Oslo S 22 er innstilt. NSB køyrer buss mellom Bergen og Oslo S.Det blir ingen alternativ transport for passasjerar til Myrdal og Finse.

Lokaltog:

Myrdal/Voss-Bergen:
NSB køyrer minibuss frå Ørneberget til Voss og buss frå Voss til Bergen. Det blir ingen alternativ transport for passasjerar frå Myrdal, Upsete og Vieren. Passasjerar frå Arna viser vi til neste lokaltog Arna-Bergen.

Bergen-Voss/Myrdal:
NSB køyrer tog frå Bergen til Arna, buss frå Arna til Voss og minibuss frå Voss til Ørneberget.Det blir ingen alternativ transport for passasjerar til Vieren og Upsete.Passasjerar til Myrdal til tog 1802 frå Bergen 08:40 til Myrdal 10:46 viser vi til buss for tog 602 frå Bergen 10:28 til Flåm, og tog frå Flåm til Myrdal.

Det må reknast med at det kan bli forseinkingar. Det seier vi oss leie for.

Meir informasjon kan du få hjå NSBs kundesenter på telefon 815 00 888.