Sørlandsbanen opna frå Skollenborg til Kongsberg

Sørlandsbanen blei opna for trafikk frå Skollenborg til Kongsberg ved midnatt natt til onsdag etter raset som stengde strekninga laurdag. Det måtte byggjast ei støttefylling inntil sporet før banen kunne gjenopnast.

 Lokaltoga snudde på Skollenborg med busserstatning frå Skollenborg til Kongsberg. Fjerntoga på Sørlandsbanen blei erstatta av bussar frå Oslo S til Kongsberg. Godstrafikken blei kjøyrd via Vestfoldbanen.