Skjener på plass i Bærumstunnelen

I ein fart på 1200 meter i døgeret har arbeidskarane frå Baneservice lagt sviller og skjener i den nye Bærumstunnelen den siste tida. Hvis alt går etter planen er dei ferdige med båe spor ved utgangen av januar.

Ombord på de elleve bakerste vognene ligger flere hundre sviller klare til å bli fraktet framover.

Midtvegs i den 5,5 kilometer lange tunnelen, om lag 50 meter under bakken, lyser eit langt tog opp i mørkeret. I sakte fart kryp det bortover etter kvart som svillene vert lagt på plass under det durande maskineriet. Det er sporombyggingstoget, eller SPOT'en, som er i full sving i tunnelen og som skal syte for at det nye dobbeltsporet frå Lysaker til Sandvika kjem på plass. Etter at svillene er lagt, trekkast skjenene over før dei blir festa av ivrige gutar frå Baneservice, som er spor- og KL-entreprenør.

Heilt framme på sporombyggnadstogett er det festa ein plog som pressar på plass pukken og lagar eit godt underlag for svillene. Betongsvillene er heilt rette i underkant, så hvis dei blir liggjande å vippe på ustøtt underlag, vil dei knekke under belastninga av toga. Til saman vil det gå med om lag 20 600 betongsviller og om lag 24 800 meter 60 kilos skjener når 6200 meter dobbeltspor skal leggjast i den nye tunnelen (inklusive kulvertane i kvar ende).

Bakerst på SPOT'en trekkes elleve vogner lastet med betongsviller.

Bak den støyande framdelen av toget, følgjer det elleve vogner lasta med betongsviller. Desse blir kontinuerleg løfta framover ved hjelp av ei traverskran som køyrer fram og attende på toppen av toget i eit rasande tempo. Denne krana grip fatt i svillene, 21 om gongen, frå de bakarste vognene før den nærast flyg framover langs den 200 meter lange SPOT'en. Krana plasserer svillene på eit transportband før dei blir lagt på plass i pukken.

På sida av det sakte passerande sportoget står Jernbaneverkets Tor A Trælnes og Tom R Engblom fornøgde og overvaker det heile. - Sporlegginga går no veldig bra, og sjølv om vi blei litt forseinka i framkant av arbeidet, vil ikkje dette få nokre konsekvensar for den vidare framdriften på prosjektet, forklarer Trælnes.

Jernbaneverkets Tor A Trælnes og Tom R Engblom fornøyd overvåker Baneservices arbeider.

Skiftleder PK Hansen serverer gladlig kaffe til byggelederne Trælnes og Engblom

Trælnes forteller også at for at alt skal kunne gå så effektivt som mulig, brukes natten til å få kjørt inn skinner og sviller i tunnelen slik at alt ligger klart til neste dags arbeider med SPOT'en. Begge spor, dvs skinner og sviller, skal være ferdig lagt ut i løpet av uke 5. Når tunnelen og det nye dobbeltsporet skal åpnes i august i år, vil togene kunne holde en toppfart på 160 km i timen.

Midtveis på maskineriet er transportbåndet. Her legger kranen svillene før den reiser tilbake for å hente nye.

Plogen foran på førerhuset presser pukken på plass før svillene legges.