Skarverennet i vårløysinga redda av stor innsats

Snøsmeltinga har vore merkbar i delar av traseen for Skarverennet den siste tida. Både arrangørar og påmelde har nok vakla i trua på om rennet i det heile tatt skal kunna gjennomførast i år. No ser det ut til at skuldrene kan senkast, og at det blir renn på laurdag.

Situasjonsbilete frå løypa kl. 10.50 i torsdag. Preparering må til. <strong> Foto: Petter Rukke </strong>Skarverennet går frå Finse til Ustaoset, og løypa er 38 km lang. Dei siste åra har ein også kunna velja ein kortversjon på 22 km frå Haugastøl til Ustaoset.
Nattefrost, stor dugnadsinnsats og tilføring av 3000m3 snø frå Hardangervidda til målområdet som har blitt redningen for årets renn. Stoda var då slik at leiaren i skarverennskomiteen, Petter Rukke, med overtyding kunne ønskja deltakarane velkomne til rennet på laurdag. Rukke er til dagleg driftssjef i Jernbaneverket Sør/Vest, men har i mange år og vore engasjert i arbeidet med dette populære rennet. I ein siste sjekk med Petter i dag torsdag, kan han fortelja at rennleiinga har full kontroll, ytterlegare 2000m3 snø er tilført, og med storinnsatsen frå JBV og NSB i tillegg, ligg det til rette for suksess.

40 ekstratog

Jernbaneverket har ein auka beredskap på Bergensbanen i samband med Skarverennet og den store trafikken denne helga I alt blir køyrer NSB heile 40 ekstra tog frå Oslo, Bergen og ikkje minst mellom Geilo, Ustaoset og Finse.

1600 deltakarar, mellom dei nokre av verdas beste langrennsløparar, stiller i konkurranseklassen som går i fri teknikk frå Finse til Ustaoset. Nytt av året er at dame- og herreklassen tevlar i felles jaktstart, der damene får eit visst forsprang. Sluttspurten kan såleis stå mellom Petter Northug jr. og Marit Bjørgen.

I alt er det 12220 påmelde, og det er litt av ei logistikkoppgåve som må løysast for at dette skal gå bra. Sagt med andre ord vert 25% av årstrafikken til Finse avvikla på ei helg. Frå JBV har ruteplanleggjar Terje Erdal frå vore sentral i prosessen. Medrekna tomtog er det sett inn 50 ekstratog for å frakta deltakarane til og frå høgfjellet.
Det er meldt strålande vêr på Finse laurdag, fem plussgrader litt ut på dagen og sol. 

Yrende liv på Finse på skarverennsdagen. <strong> Foto: Bjørn Ove Botten </strong>