Samarbeid for betre skredvarsling

Jernbaneverket er med i eit større samarbeidsprosjekt for å styrkje varslinga av snøskred og fare for skred. Arbeidet vert leidd av NVE, og målsetjinga er å få eit nytt, nasjonalt skredvarslingssystem på plass.

 Jernbanen blir liten i slike omgivelser som her ved Kleven på Bergensbanen. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>

– Allereie no i vinter innfører vi det nye varslingssystemet i tre område der jernbanen er med, fortel Jernbaneverket sin prosjektansvarlege, Steinar Myrabø.  
 
Ei ny nasjonal skredvarslingsteneste vil ha stor tyding for alle som har verksemd i eller ferdast i skredutsette område. – Vi har jo mange jernbanestrekningar som dette er viktig for, seier hydrolog Steinar Myrabø i Jernbaneverket. Med i samarbeidsprosjektet, som vert leidd av Noregs Vassdrags- og Energidirektorat (NVE), er også Meteorlogisk Institutt, Statens vegvesen og Noregs Geotekniske Institutt. Målsetjinga er å få til ei ny varslingsteneste som dekkjer heile landet innan vinteren 2012 – 2013. No i vinter går vi i gang i fem skredutsette område. Av desse har tre jernbane, fortel Myrabø.

Testområde

Dei tre områda med jernbane som er plukka ut som testområde for det nye skredvarslingsopplegget, er Langfjella Vest, Langfjella Aust og Romsdalen. Desse områda vedkjem da Bergensbanen, Flåmsbana og Raumabanen. Etatane som er med i samarbeidet, har hovudansvar for eitt testområde kvar, og Jernbaneverket har fått hovudansvaret for Langfjella Vest.

Vêrstasjoner og observasjonar

- Jernbaneverket sitt viktigaste bidrag i dette arbeidet er at vi med våre vêrstasjonar som er bygde langs banane dei siste åra, kan levere oppdaterte og viktige vêrdata heile tida, seier Steinar Myrabø. I tillegg kjem den viktige røynsla og kompetansen som våre folk ute på linja har. Summen av dette gjev eit godt grunnlag for å lage ei betre skredvarsling, som kan kome til nytte for både oss sjølve og alle andre som er i eller skal inn i desse områda. Det spesielle med modellen vi har valt, er at dei som ser nytteverdien i gode snøskredvarsel, kan bidra til å gjere dei betre.
– Linjepersonell og lokførarar er viktige som bidragsytarar for å halde ei oppdatert oversikt, og det vert no laga enkle system for å leggje inn observasjonar. Varsla vil så verte utarbeidde på bakgrunn av innsamla informasjon frå målestasjonar, enkle og avanserte observasjonar, og simuleringar med vêr- og snømodellar. Jernbaneverket har allereie eit samarbeid med Noregs Geotekniske Institutt i dette området. 

Varsler for alle

- Til sammen har Jernbaneverket nå om lag 30 værstasjoner, og ved flere av disse  er det aktuelt å montere tilleggsutstyr med tanke på skredvarslingen.

Også turistbedrifter og andre aktører kan delta med innmelding av observasjoner og de vil da også få tilgang til varslene i testperioden.

Når tjenesten kommer i full og landsdekkende drift  vinteren 2012 -13 er det meningen at alle skal få tilgang til varslene gjennom via blant annet internett.

Snøras ved Kårdal på Flåmsbana.