Ras stengjer Bergensbanen

Eit svært kraftig lokalt regnver i Ål har ført til omfattande skader på Bergensbanen. Om lag 30 meter av ei fylling har rast ut. Banestrekninga blir stengd i fleire dagar inntil fyllinga er bygd opp att .

 
Det var seint tirsdag kveld at svært mykje nedbør kom på kort tid ved Sangerlia i Ål i Hallingdal. Dei store vassmengdene som følgje av uveret førde til store skader på Bergensbanen, der ei fylling raste ut. Det er også skader på banen på fen adre stader i same området. Fleire lokale vegarer og øydelagt og det vert ei stor oppgåve å få alt i stand att..

Jernbaneverket er i gang med å vurdere skadeomfanget og utbetringsarbeidet tek til så snart det er mogeleg.

Lokalt blir det lokale regnveret tirsdag kveld omtalt som uvanleg kraftig.

Passasjerane blir køyrd med bussar mellom Ål og Geilo inntil banen er reparert . 

Heile fyllinga er rast ut og må byggjast opp att på nytt. <strong> Foto: Ove Håkon Flatland/Jernbaneverket</strong>