Ras på Bergensbanen ved Bulken

Måndag morgon gjekk eit ras over sporet mellom Bulken og Evanger på Bergensbanen. Mannskaper frå Jernbaneverket arbeider med å rydde linja som vert opna att snarast råd.

Det er venta at linja kan opnast tidleg på føremiddagen måndag. Raset fører til at ein del lokaltog inntil vidare ikkje kan køyrast som vanleg på strekninga.