Prosjekt gjenreising på Hallingskeid

Ein sjeldan fin haust har medverka til at det umogelege kan bli mogeleg. Det blir nytt snøoverbygg på Hallingskeid før vinteren set inn for alvor. Det første målet er å få opp eit bygg som dekkjer sporvekselområdet i austre ende av stasjonen.

Tog 62 passerer gjennom Hallingskeid aust der går føre seg fundamentering for det nye snøoverbygget. <strong> Foto: Inge Hjertaas </strong> 

Storbrannen i juni øydela snøoverbygg og mykje annan infrastruktur, og det vart snart klart at store ekstra ressursar måtte setjast inn for å gjera stasjonen operativ att. Etter iherdig innsats frå Jernbaneverket sine eigne og frå entreprenørar, vart det opna for trafikk att etter ei veke. Men stasjonen mangla no 270 meter med snøoverbygg. Då dei første snøbygene vitja Hallingskeid i september i år, var fundamenteringsarbeida for nytt snøoverbygg enno ikkje starta opp. Målet om å få opp ein del med nytt overbygg før snø og vinterstormane,  såg då temmeleg håplaust ut. Men vêret betra seg, den første snøen forsvann fort, og sidan har det vore uvanleg mildt i høgfjellet. Dette har gjort at forskaling og støyping har gått upåklageleg, og det er liten tvil om at eit parti av bygget vil bli gjenreist, men vêrforholda vil sjølvsagt innverka på framdrifta.

Stålbygg

Det skal såleis liggja til rette for at det primære målet, 60 meter med nytt snøoverbygg som dekkjer sporvekselområdet i stasjonens austre ende, blir nådd før snøen set ein stopp for arbeidet. Likevel vil Hallingskeid krevja ekstra merksemd og mannskap når det gjeld snørydding utover vinteren.

Det er entreprenørfirmaet Spilde AS som står for fundamenteringa. Sjølve byggkonstruksjonen i stål, blir levert og montert av Stokke Stål AS. Firmaet tar sikte på å starta byggmonteringa 5. desember.

Fundamenteringsarbeid i stort tempo på Hallingskeid takket vere ein uvanleg mild haust. Foto: Inge Hjertaas

 

 .