Oslo S og Nationaltheatret opna for trafikk

Feilen med signalanlegget på Oslo S og Nationaltheatret stasjoner utbetra. Trafikken er dermed i gang att, men framleis med forsienkingar.

Jernbaneverket seier seg lei for alle forseinkingane og problema den omfattande feilen på Oslo S har ført med seg. Feilen oppsto klokka 12 onsdag og var altså ikkje utbetra før klokka 18.30. Også seinare onsdag kveld oppsto ein slik feil, også da med stogg i trafikken, denne gongen i om lag ein halv time.