Oslo-Halden-Gøteborg 3:30

Svenske og norske jernbaneaktørar samarbeider nå om ei betring av togtilbodet mellom Halden og Gøteborg. Målet er å korte ned reisetida med 30 minutt og auke talet på avgangar innan 2014/2015. Arbeidet er komen i stand på initiativ frå Gøteborg-Oslo-samarbeidet (GO-rådet) og ei intensjonsavtale blei underteikna 18.mars.

 
NSB køyrer i dag tre daglege tog kvar veg mellom Oslo og Gøteborg. Nå skal det sjåast på korleis reisetida kan kuttast ned på kort sikt. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong> 
Intensjonsavtala mellom Jernbaneverket, NSB, Trafikverket og Västtrafik blei offentleggjort i samband med at fylkespolitikere frå båe sider av grensa møttast i Sarpsborg 18. mars. Føremålet med intensjonsavtala er å klargjere kva for tiltak som er naudsynte for å utvekle togtilbodet mellom Halden og Gøteborg på kort sikt. Avtala tek utgangspunkt i NSB sitt intercitytilbod mellom Oslo og Halden.

– GO-rådet har vore ein viktig pådrivar i utvidinga av E6 til fire felt frå Oslo til Gøteborg. Det har blitt ein suksess, med endeleg fullføring i Sverige i 2013. Nå har vi fokus på jernbane og er glade for at det er underteikna ein avtale mellom jernbaneaktørane, seier fylkesordførar i Østfold, Ole Haabeth, som er vert for jernbanemøtet i Sarpsborg.

Forbetring av eksisterande tilbod

Avtalen går ut på at aktørane forplikter seg til å kartleggje kva for tiltak som må settes i verk for å korte ned reisetida til tre og ein halv time, og auke talet på daglege avgangar til fire eller fem. Dagens tilbod innebær tre daglege avgangar i kvar retning og ei reisetid på fire timar. Kartleggjinga av eventuelle tiltak skal vere klår til sumaren og planen er å laga ei ny avtale om gjennomføring av dei naudsynte tiltaka som gjev fleire avgangar og kortare reisetid.

– Det vert planlagt og utgreidd for framtidas Østfoldbane. I mellomtida er det viktig å betre det togtilbodet som tross alt finnast. Nå er mogelegheitene gode, og vi har god tru på å kunne korte ned reisetida og auke talet på avgangar, seier Øyvind Rørslett i Jernbaneverket. - Målet er ei reisetid på tre og ein halv time frå Oslo til Gøteborg.

Nytt svensk dobbeltspor i 2012

Nytt dobbeltspor på svensk side frå Öxnered til Trollhättan og Gøteborg skal takast i bruk i løpet av 2012. Då skal det leggjast ein ny ruteplan for Gøteborg-området. Dette kan vere med å redusere reisetida frå Gøteborg til Öxnered med 15 til 20 minutt. På norsk side skal det sjåast på strekninga Sarpsborg-Halden-Kornsjø med sikte på åtgjerder for å kunne seinke reisetida med ytterlegare 5 til 10 minutt.

- For Västra Götalandsregionen er dette eit viktig skritt for å styrke samarbeidet med Norge. Det bidreg til å knytte regionane våre nærare kvarandre og gjer det lettare å pendle, seier styreleier i Västtrafik, Leif Blomquist.

Planar for Østfoldbanen

En rad utbyggingsplanar og utgreieingar for Østfoldbanen er satt i gang. Dei kjem i tillegg til tiltaka og den nye avtalen. Utbygginga av Follobanen mellom Oslo og Ski er i oppstartsfasen og det er vedteke nytt dobbeltspor gjennom Moss. Det går nå føre seg ei konseptvalutgreiing for å fullføre Østfoldbanen med moderne dobbeltspor til Halden. I tillegg arbeider Jernbaneverkets høgfartsutgreiing med å sjå på strekninga frå Oslo til Gøteborg.

Aktørane

Trafikverket, Jernbaneverket, Västtrafik, NSB, Gøteborg-Oslo-regionen og GO-rådet .