Oppryddinga etter Dagmar

Fleire av banestrekningane som blei stengd etter Dagmars herjinger, er nå opna att. Det gjelder Østfoldbanen Østre linje, som blei opna kl 02 natt til tirsdag, og frå Jessheim til Dal på Hovedbanen, som blei opna for lokaltoga kl 08. Framleis er delstrekningar på Bergensbanen, Nordlansdbanen og Gjøvikbanen stengd.

Ved Midtsandan på Nordlandsbanen er arbeidet med å byggje opp att ein forstøtningsmur i gang.  Som følge av fleire ras på strekninga frå Arna til Voss vil denne strekninga vere stengt også tirsdag.

På Gjøvikbanens nordre del, frå Jaren til Gjøvik, må det ryddast bort 60 trær som har falt inn i sporet eller over kontaktleidningen (straumtilførselen til toga). Trefalla har ført til store skader på kontaktleidningen. Arbeidet med å fjerne trærne og reparere kontaktleidningen er godt i gang slik at banestrekningen ventes opna att kl. 19 tirsdag.