Nytt rekordår for Flåmsbana

- Vi har i år slått alle rekordar kvar månad frå og med april og vil ende opp med 615.000 passasjerar i år, seier driftssjef Sivert Bakk i Flåm Utvikling. Flåmsbana styrkjer med det sin posisjon som ein av dei viktigaste turistattraksjonane i landet. Førre rekordår var i 2007, og stadig nye marknader får auga opp for den unike norske jernbanestrekninga.

Tilstrøyminga til Flåmsbana slår alle tidlegare rekordar. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>    
 - Det har vore ein auke i turisttilstrøyminga frå alle marknader, fortel driftssjef Sivert Bakk i Flåm. Frå april har vi hatt vekst og sett nye rekordar kvar einaste månad. Flåmsbana har hatt ei veldig god utvikling, og kombinasjonen fjord, fjell og imponerande ingeniørkunst sel som aldri før.

- Den førre rekorden på Flåmsbana vart sett i 2007 med 582.000 passasjerar. I år ser det ut til at talet endar på ca. 615.000. – Men vi har god kapasitet og plass til fleire, seier Sivert Bakk.

 Kapasiteten vår er framleis berre 55% utnytta når vi køyrer ti tog i kvar retning. Med god planlegging kan vi fylle opp avgangar som framleis har god plass. – Det kan vere ei utfordring når vi får over 300 passasjerar med korresponderande tog frå Bergensbanen, da blir det fullt. Men ved å styre inn dei som reiser tur-retur med Flåmsbana til andre avgangar kan vi fordele dette, legg han til.

Ikkje berre cruiseMateriellet har fungert veldig godt i år, seier driftssjef Sivert Bakk i Flåm Utvikling. Bak eit av togsetta som består av El 17-lok og ombygde B3-vogner.

- Mange trur nok at dei fleste passasjerane våre er cruiseturistar, men faktum er at denne gruppa berre utgjer 25-30% av alle passasjerane våre. Likevel er cruisemarknaden ein veldig god indikator på  kor mange passasjerar vi får. Kjem det inn mange cruisetingingar, får vi alltid ein god auke blant dei andre turistane også. Den store passasjermengda på Flåmsbana gir store ringverknader for reiselivet i Aurland og på heile Vestlandet. – Vi får meldingar om god auke i talet på vitjande frå hotell og andre turistbedrifter også, seier Bakk. 
 
- Kvar kjem turistane frå?

Dei kjem sjølvsagt frå Europa og USA, men særleg sterk auke har vi frå Russland, Japan, Kina og Korea. Vi har allereie inne ein enda større auke i tingingane for neste år, så det kan bli fleire rekordar framover, smiler driftssjefen. – Vi jobbar no med å få til guiding i toga på heile 15 språk. Med eit nytt informasjonsanlegg om bord kan vi køyre slik guiding på tre ulike språk i fem ulike delar av toget undervegs, og med det vil vi tilby eit enda betre produkt, seier Bakk. Om sommaren køyrer Flåmsbana ti avgangar i kvar retning mellom Myrdal og Flåm, frå 26.september til 28.april vert talet på avgangar minska til fire i kvar retning, med samband til og frå toga på Bergensbanen.

Fakta

Flåmsbana er 20,2 kilometer lang, banen er ein av dei brattaste i Europa for vanleg adhesjonsdrift, største stigninga er 55 0/00 (1:18). Banen går frå Flåm inst i Aurlandsfjorden og opp til Myrdal stasjon på Bergensbanen, 866 m.o.h. Det mest spektakulære partiet på Flåmsbana er linjeføringa opp det bratte Myrdalsberget der banen slyngjer seg ut og inn av vendetunnelar og i fire avsatsar opp den bratte fjellsida. Der ligg også den berømte Kjosfossen med eigen haldeplass. Passasjertrafikk og marknadsføring skjer i regi av selskapet Flåm Utvikling, med NSB som operatør. Banestrekninga vert drifta og halde ved like av Jernbaneverket og inngår som ein ordinær del av det norske jernbanenettet.

Kjosfossen er eit av trekkplastra på Flåmsbana.<strong> Foto: Njål Svingheim</strong>