Nytt godstog Oslo - Narvik

Selskapet DB Schenker starta 4.januar opp sin nye godstogrute mellom Alnabru i Oslo og Narvik. Dermed er det nå to selskap som driv godstrafikk på den meir enn 2000 kilometer lange strekninga. CargoNet har køyrd direktetog frå Oslo til Narvik sidan 1993.

Fv: Trafikkdirektør Bjørn Kristiansen, regiondirektør i DB Schenker Per Anders Kartnes, termosjef i Schenker Trondheim, Jan Kolbjørn Håkonsen og kommunikasjonsdirektør Svein Horrisland. <strong> Foto: Arvid Bårdstu </strong> 
North Rail Express er navnet på det nye togparet som fem gonger i veka køyrer frå Oslo til Narvik og attende. Tysdag 4.januar blei den fyrste avgangen frå Alnabruterminalen markert. DB Schenker eies av den tyske jernbanegiganten Deutsche Bahn, og dette er selskapet si fyrste direkte jernbanesatsing med eige tog i Norge etter at det tok over det tidlegare Linjegods. Toga skal trekkast av Green Cargo som dimed er det formelle selskapet som står for togframføringa.

CargoNet sidan 1993

I 1993 starta CargoNet opp sin Arctic Rail Express frå Oslo til Narvik, noko som raskt vart ein stor suksess. CargoNet har sidan 1993 frakta meir enn ein million konteinarar mellom Oslo og Narvik og helt også fram med sine daglige avgangar på strekninga.

Toga nordover kjem til Nord-Norge med forbruksvarer, stykkgods og bilar, sørover fraktast mellom anna fersk fisk. Det nye DB-Schenker-toget vil frakte om lag 25.000 konteinarar årleg.

Toga frå Oslo til Narvik køyrer over Kongsvingerbanen og gjennom Sverige nordover til de kjem inn att i Norge på Ofotbanen. Strekningen er blant dei lengste godstogrutene i Europa.

Sporene på terminalen på Fagernes i Narvik vil få enda større trafikk fra nå av. <strong> Arkivbilde: Njål Svingheim</strong>