Myrdal stasjon stengd på grunn av ras

Bergensbanen er stengd ved Myrdal stasjon etter eit stort jord- og steinras sundag ettermiddag 27/11. Det er ikkje klårt kor lang tid oppryddingsarbeidet vil ta. Geologar skal underdsøkje staden mandag føremiddag.

Det var ingen tog i leiken då raset gjekk og ingen vart skadde i raset. Spora på Myrdal stasjon er dekkja av eit fleire meter tjukt lag av jord og stein i om lag 30 meters lengde. Også overbygget som ligg intil togspora på stasjonen er råka av raset.

Det er satt opp alternativ transport mellom Gol og Voss. Toga frå aust køyrer til Finse/Hallingskeid. Flåmsbana er stengt inntil vidare. For meir informasjon om trafikkavviklinga, sjå www.nsb.no.

Raset på Myrdal knuste eit overbygg inntil togspora og sperrer for trafikk. <strong> Foto: Geir Anders Skjerlie </strong>