Mykje vatn skapte problem i Gudbrandsdalen

-Veldig vanskeleg! Det er kort oppsummert korleis situasjonen har vore på Dovrebanen gjennom Gudbrandsdalen i helga. Plutseleg stor snøsmelting og tele i bakken kombinert med mykje kjøving gjorde at banen måtte stenges. Etter stor innsats opna den att seint sundag kveld.

Store vassmengder og utvasking ved kilometer 255.500 mellom Fron og Hundorp. <strong> Foto: Terje Odde </strong>  
- Lokale gardbrukarar fortel at dei ikkje har sett maken. Smeltevatn i store mengder renner oppe på jordene i dei bratte liene og bekkefar fulle av is-kjøving* fører til at vatnet tek nye veger. Det var ikkje sendt ut noko sørskilt varsle om flaum, fortel fagleg leiar Anders Nicolaysen på Dovrebanen, men situasjonen gjorde at vi sette i gang med ekstra visitasjonar mellom Hamar og Dombås. Særleg store problem har det blitt mellom Fron og Hundorp og ved Brennhaug, fortel Nicolaysen. I helga vart det gjort ein betydeleg innsats av folk frå Jernbaneverket og frå to lokale entreprenørar vi har avtale med  fortel Nicolaysen. - Eg vil rose alle for å stille opp på kort varsel i helga. Verst var situasjonen ved Brennhaug der sporet hang i lufta. På grunn av mykje vatn var det vanskeleg å kome til med maskinar og utstyr, men vi kunne altså opne med redusert fart sundag kveld, sier Nicolaysen.

Det verste over?

Vi veit ennå ikkje om det verste er over, det vi ser er at vatnet avtek om kvelden på grunn av lågare temperatur, men at det aukar kraftig på att utover dagen. I natt har vi hatt vakt ute på dei meste utsette stadene, og vi må framleis følgje situasjonen nøye, seier Nicolaysen.

Frå før av har vi ein del saktekøyringar som følgje av kraftig telehiv og når vi nå får nye saktekøyringar på grunn av flaum, vil vi sjølsagt slite med punktlegskapen. Men det viktigaste er å ta vare på tryggleiken. Så må vi berre gjere alt vi kan for å rette på dei andre tinga etter kvart, seier Anders Nicolaysen.

(* Kjøving: Is som byggjer seg opp lag på lag og kan tette bekkefar, grøfter og stikkrenner).


Store vassmengder flaumer nedover dalsidene i Gudbrandsdalen. Vatnet renn oppe på marka på grunn av djup tele i bakken. <strong>Foto: Terje Odde</strong>

Ved Brennhaug hang sporet i lufta etter utvaskinga. <strong> Foto: Terje Odde</strong>