Kraftig trafikkvekst i Vest-Agder

Trafikken med toga i Vest-Agder er i kraftig vekst. Frå å vere nærmast gløymde for ti år sidan er stasjonane funne att i bygdene som ofte vert kalla "dalstroka innafor". Pendlarforeining, næringsliv og kommunane har mykje av æra.

    
Terje Høyland (tv) i pendlarforeininga, Arne Birger Birkeland i kommunen sitt næringsforum og ordførar Tønnes Seland i Audnedal kommune står på for å få enda fleire til bruke toget. <strong>Foto: Njål Svingheim </strong>
Da eg byrja å pendle med toget til og frå jobb i Kristiansand i 1999, var eg nesten aleine her frå Audnedal, seier Terje Høyland. Han er leiar av Vest-Agder pendlarforeining som engasjerer seg for togpendlarane på strekninga Kristiansand – Moi. – Svaret eg ofte fekk da eg fortalte at eg reiste med toget til og frå jobben var veldig ofte: - Å, - gjenge dét an??

Kraftig vekst

Sidan den gongen for dryge ti år sidan har det gått oppover med både passasjertal og togtilbod. I 2005 var det registrert 2400 reisande på Audnedal stasjon, i 2010 var talet 17096! Mykje av den same utviklinga kan finnast ved dei andre stasjonane, både Nodeland, Marnardal, Snartemo, Storekvina og Gyland har aukande trafikk. Årsaka er ganske enkelt at folk har oppdaga toget sitt att. I Vest-Agder går jernbanen på tvers av dalføra, noko som gjer at toget er monaleg snøggare enn bilen. Frå Audnedal til Kristiansand tar toget 40 minutt, med bil er køyretida minst det dobbelte utanom rushtida. I rushtida er det lange køar inn og ut av Kristiansand og skilnadene enda større i favør av toget.

Gløymd og funnen att
 

-  Takk vere Audnedal stasjon kan Audnedal og Kristiansand sjåast på som éin bu- og arbeidsmarknad, seier Arne Birger Birkeland i Audnedal Næringsforum.

Herifrå når vi Kristiansand på 40 minutt, Moi på det same og oljebyen Stavanger på vel to timar. Toget kan gi oss både vekst og kompetanse i kommunen, seier Birkeland. Ordførar Tønnes Seland er einig. – Vi hadde nok nesten gløymt kor bra toget kan vere, seier Seland. For berre få år sidan var stasjonsbygningen på Audnedal prega av forfall. Bygningen var i dårlig stand, og området rundt stasjonen var heilt attgrodd. – Vi såg faktisk ikkje stasjonen frå vegen lenger, seier Seland. Nå har eigaren, Jernbaneverket, gjennomført ei kraftig oppussing av stasjonsbygningen, og det bur igjen folk i leilegheita der. Området rundt stasjonen er hogd og rydda, og det er lagt ny asfalt. Så bra har det blitt at kommunen nettopp har sett opp ei kjempestor reklametavle på stasjonen, slik at dei togreisande kan få med seg at dei er i Audnedal kommune når toget gjer eit ”stutt opphald”. –Vi har også innført utleige av syklar frå stasjonen, tilbodet gjeld for både bygdefolk og tilreisande, reklamerer Seland. Til kommunesenteret Konsmo er det for eksempel berre eit par kilometer.

Det er flest passasjerar til og frå Audnedal morgon og kveld, men sjølv midt på dagen som her er trafikken aukande. <strong>Foto: Njål Svingheim</strong<
 

Samstemt engasjement

Engasjementet for jernbanen er aukande. Alle dei tre kommunane, Lindesnes, Audnedal og Åseral, som soknar til Audnedal stasjon, har saman med pendlarforeininga og næringsforumet nyleg gitt ut ein eigen brosjyre til alle husstandane. Der vert folk oppmoda til å bruke toget, og der finst rutetidene lett tilgjengelege. – Togtilbodet er jo eigentleg veldig bra, vi har åtte avgangar i kvar retning på kvardagar, seier Birkeland. Sjølv hugsar han både at jernbanen var sentral for både passasjerar og godstrafikken i bygdene, og han hugsar også godt at dei fleste toga suste forbi stasjonen. Nå stoppar alle tog på Audnedal, slik dei også gjer på Nodeland, Marnardal, Snartemo, Storekvina, Gyland, Sira og Moi. – Det at alle toga stoppar og at tilbodet er kjent og enkelt å bruke er også noko av forklaringa på passasjerveksten. Nå vonar både ordførar, næringsforum og pendlarforeining på ei snarleg avklaring av at stasjonen skal få ny plattform. - Det må skje innan 2019, og da vil vi også starte utbygging og tilrettelegging av eit planlagt bustadfelt her like ved stasjonen, fortel Seland. – Audnedal er ein kommune som har vekst, og vi ønskjer å leggje til rette for en stadig aukande bruk av toget. Vi er nøgde med tilbodet i dag, men særs ivrige for å sikre stasjonen for framtida, seier dei tre.

-Gull verdt

Strekningsleiar i Dag Brekkan i NSB Persontrafikk er glad for engasjementet i Vest-Agder. – Initiativet er veldig positivt, og vi har felles interesser med pendlarane. Kvar morgon køyrer vi eit eige pendlartog frå Moi til Kristiansand, og vi ser at belegget i dette toget er aukande, seier han. – Vi skulle ønskje oss at engasjementet også på andre stader kunne bli like stort som i Audnedal, seier Brekkan, som understrekar at NSB ikkje har nokon planar om å endre stoppmønsteret på Sørlandsbanen.