Jernbaneverket går saman med Vegvesenet og NVE om forskning og utvikling

Jernbaneverket prioriterer arbeidet med å gjere infrastrukturen meir robust og betre i stand til å tåle store nedbørmengder og temperatursvingningar. Nå settes det i samarbeid med Statens vegvesen og NVE i gang eit fireårig forsknings- og utviklingsprogram der målet er meir robust infrastruktur, trygg bebyggelse og samferdsle og god skred- og flaumvarsling.

    
 
Målet om større tryggleik og meir robust infrastruktur skal nås ved å byggje opp godt samarbeid, koordinering og samordning av dei ulike etatanes aktiviteter for å redusere sårbarheita. Utviklingsprogrammet skal ta høyde for noværande og komande klimautfordringar.

I forprosjektet er desse temaene lista som mogelege delprosjekt:

  • Naturskadestrategi
  • Krisehandtering og beredskap
  • Kartleggjing, arealbruk og risiko- og sårbarhetsanalyser
  • Overvaking og varsling
  • Flaum og overvannshandtering
  • Kvikkleire
  • Prosessar og sikring
Etatane (Statens vegvesen, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), og Jernbaneverket lyser nå ut ei fireårig prosjektleiarstilling som skal lede koordinering og fagleg styring av prosjektet, se utlysningteksten her.