Handlingsplan mot dyrepåkøyrsler

Jernbaneverket har laga ein ny handlingsplan med ei rekkje tiltak for å få ned talet på dyrepåkøyrsler. Samferdselsministeren vil auke løyvingane til slike tiltak frå og med 2012.

Elg-påkjørsler utgjør en stor andel av dyrepåkjørslene.>strong> Foto: Anders Haakonsen </strong> 

Frå 2009 til 2010 auka talet på dyr påkøyrt av tog frå 1796 til 2292. Det er flest elg, reinsdyr og sau som blir påkøyrt. I handlingsplanen har Jernbaneverket kartlagt dei ulike strekningane og tiltak er føreslått for kvar strekning. Dei banane der problema er størst, vil bli prioritert. Det er flest dyrepåkøyrsler på Nordlandsbanen som har 35 prosent av alle slike. 

-Talet på dyrepåkøyrsler er no rekordhøgt og det tek vi på alvor. Vi vil arbeida systematisk for å snu utviklinga. Eg har varsla ei dobling av midlane til dette arbeidet i komande seksårsperiode, frå 5 til 10 millionar årleg. Auken vil koma frå og med 2012-budsjettet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa etter å ha fått overlevert Jernbaneverkets nye handlingsplanen mot dyrepåkøyrsler.

 Samferdselsdepartementet ba fjor haust Jernbaneverket om å utarbeida ein slik plan. Handlingsplanen skal leggjast til grunn når forslaget til budsjett for 2012 skal utarbeidast. 

- Vi har fastsett eit mål om at talet på dyrepåkøyrsler skal ned i maks 1400 innan 2013. Det er eit ambisiøst mål. Noko av det viktigaste for å nå dette målet, er godt samarbeid mellom aktørane. Problema må løysast i fellesskap, seier statsråd Kleppa.