Hallingskeid får att togstopp

Frå og med fredag 26.august kan tog på nytt stoppe ved Hallingskeid stasjon. Det er bygd ei midlertidig plattform etter brannen i juni og toga 609, 610, 1828 og 1829 stoppar på Hallingskeid.


Plattforma på Hallingskeid er på 75 meter og det er difor berre dei såkalla sykkeltoga som stopper der. Toga 609 og 610 går dagleg frå Oslo til Bergen og attende til og med 25/9, medan lokaltoga 1828 og 1829 går laurdagar og sundager frå Voss til Ål til og med 25/9.
 

Tog 609 stoppar på Hallingskeid klokken 11.27

Tog 610 stoppar på Hallingskeid klokken  18.42

Tog 1828 stoppar på Hallingskeid laurdagar og sundagar klokka 10.18

Tog 1829 stoppar på Hallingskeid laurdagar og sundagar klokka 16.08

Dette gjeld altså til og med 25.september.

Ny midlertidig plattform på Hallingskeid st. <strong> Foto: Øystein Njåstad </strong>