Hallingskeid: Bergensbanen ventes opa torsdag kveld

Tirsdag føremiddag er spor 2 ferdig bygd på Hallingskeid stasjon og kontaktleidnings- og signaltekniske arbeider går stadig framover. Men det står framleis att så mykje arbeid at banen nå ventes opna for trafikk torsdag kveld.


 Tirsdag føremiddag er tidspunktet for opning av Bergensbanen enlkare å tidfeste av di arbeida då har kome langt nok til at ein har oversyn over kva somstår att. Nye master for kontaktleidning er på plass og arbeidet med sjølve leidningane er gang. Nye utkøyrsignalar i retning aust er og sett opp, men det står att ein del kabel-leggjing, montering og kontrollar før banen er klår for trafikk, esier faglig leiar signal på Bergensbanen, Bjørn Skauge.

Mens Bergensbanen er stengd ved Hallingskeid køyrast det tog frå Oslo til Finse og frå Bergen til Myrdal. Passasjerar som skal forbi Hallingskeid, blir køyrd med bussar frå Ål til Voss/Bergen. Bergensbanen er svært viktig også for godstrafikken mellom Aust- og Vestlandet og det er av stor tyding å få banen opna att snarast råd.

Både spor, kontaktledning og signal- og teleanlegg må bygges opp på nytt etter brannen på Hallingskeid stasjon. <strong> Foto: Bjørn Skauge </strong>