Opnar nytt venterom på Hamar til jul

Ein nyoppussa Hamar stasjon venter pendlerane til jul. Jernbaneverket markerer gjenopninga med stand og pepperkaker til dei reisande i morgonrushet 22. desember.

Oppussinga har totalt kosta ca 4,5 millioner, og det er gjort omfattande arbeider ute og inne på stasjonen. 

- Saman med NSB vil vi gje ein takk til dei reisande for tålmodigheita med arbeida, seier Nikazm. Derfor stiller Jernbaneverket opp frå kl 07 til 11 med pepperkaker og refleks til pendlerane for å markere gjenopninga. NSB deltek og i markeringa.

Venterom og toalettanlegg står nå klårt til julerushet, etter ein oppussingsperiode sidan september.

- Vi har og  fornya undergangen til spor 3, og satt opp nye monitorar og anviserar, seier stasjonsansvarleg Kamran Nikazm.

Også utvendig møblering og skilter er fornya, i tillegg til den innvendige oppussingen. Med dette har Hamar stasjon fått eit både teknisk og estetisk løft i fasilitetane. 

- Undergangen har blitt lys og fin, seier Nikazm. Den fikk vannskader i flaumen som var i sommer, og vi har skifta ut fliser, malt vegger og fornya heisene.

Mange har kanskje ikkje lagt merke til keramikkutsmykningen på veggane i undergangen. Nå kommer den til sin rett mot dei lyse veggane.

- Dette var utsmykning til OL i 1994, fortel oppsynsmann Kjell Tore Lerbakken. Symbola skal markere bølgjene på Mjøsa, og utsmykkinga blei laga av Hilmar Fredriksen.

Nærbilde av en "Mjøsbølge", av Hilmar Fredriksen. Foto: Trude isaksen/ Jernbaneverket.