Gardermoen stasjon stengd

På grunn av feil med signalanlegget på Gardermoen stasjon er strekninga Langeland - Gardermoen på Gardermobanen onsdag føremiddag stengd for trafikk.

Jernbaneverket arbeider med å løse feilen snarast råd. Feilen oppsto ved 10.30-tida og har vist seg vanskeleg å løse.

Trafikken vert avvikla slik inntil feilen er retta:

 Toga frå Skien til Lillehammer køyrast Hovedbanen og får ekstra stopp på Jessheim for overgang til bussar til Gardermoen. Toga frå Kongsberg til Eidsvoll vert innstilt frå Lillestrøm til Eidsvoll. Kundane til Gardermoen og Eidsvoll bedes nytte toget til Lillehammer som køyrer Hovedbanen. Kundane til/frå Frogner og Kløfta bedes nytte toget til Dal. Det opprettast busspendel frå Gardermoen til Jessheim.

Flytoget køyrer som normalt frå Drammen til Oslo S, med overgang til buss der.