Driftsavvik på Vossebanen

Natt til torsdag 9.juni vart det konstatert omfattande kabelskader ved Ulriken blokkpost inne i den sju kilometer lange tunnelen mellom Fløen i Bergen og Arna. Skaden, som oppsto etter røykutvikling i eit kabelskap på Bergen stasjon, vart utbedra natt til fredag. Togtrafikken går nå som normalt.

Som følgje av dette vart først ein del lokaltog mellom Arna og Bergen innstilte og erstatta med buss, pluss at det vart det ein del forseinkingar på øvrige tog. Frå kl. 10 torsdag var alle lokaltog innstilte mellom Arna og Bergen, og berre fjerntog og godstog gjekk gjennom Ulriken.

Utbedringsarbeidene var ferdige klokka fire fredag morgon.