Fleire stengte banestrekningar

Oppdatert tirsdag kl 08: Dovrebanen blei mandag ettermiddag stengd frå Tangen til Eidsvoll som følgje av skader etter ekstreme nedbørsmengder. Skadene er så omfattande at det ikkje er klårt kor lenge banen må vere stengd. Rørosbanen er stengd frå Elverum til Rena og frå Røros til Støren. Meråkerbanen er stengd frå Hell til Storlien.

Dei mest alvorlege skadene på Dovrebanen er ved Espa der det er gått eit større ras. Jernbaneverket skal synfare området saman med geoteknikar tirsdag som førebuing til reparasjonsarbeida. Det er venta at dette arbeidet vil ta flere dager.

På Rørosbanen er det vaska ut masser rundt ei bru like sør for Rena mens det ved Graftås, mellom Røros og Støren, har gått ras over sporet.

Meråkerbanen blei steng tirsdag morgon som følgje av nedbør. Det er på føremiddagen innført skjerpa tilsyn på strekninga frå Skatval til Åsen på Nordlandsbanen.

Ny informasjon vil ligge føre tirsdag ettermiddag.