Dovrebanen opna att

(Oppdatert) Dovrebanen blei onsdag føremiddag stengt frå Otta til Dombås som følgje av at ein kombinasjon av mykje smeltevatn og tele hadde gravd ut masse under sporet. Kl 14 var skadene reparert og toga kunne køyres som normalt att. Båe regiontoga frå Oslo til Trondheim, og regiontoget frå Åndalsnes til Lillehammer i føremiddag blei råka av stenginga.