Dovrebanen opnar att torsdag kveld

- Alt tyder på at vi kan opne for trafikk att frå Lillehammer til Dombås klokka 19 torsdag kveld, seier fagleg leiarpå Dovrebanen, Anders Nicolaysen. Meir enn 30 stader er utbetra etter storflaumen.

Mer en 30 større og mindre ras, utglidninger og oversvømmelser har måttet ryddes opp i på Dovrebanen etter flommen. Her fra Selsli sør for Otta. <strong> Foto: Øystein Grue </strong> 
Flaumen i Gudbrandsdalen har sett Jernbaneverkets folk på store prøver. Vi har hatt flaum, ras og utglidingar før, men aldri fordelt på så mange stader over ee så lang strekning, seier fagleg leiar på Dovrebanen, Anders Nicolaysen. Banen opnar for trrafikk  att frå klokka 19 torsdag kveld. - Men det vil bli ein del saktekjøyringar ei tid og vi har framleis mykje etterarbeid som må gjerast, seier Nicolaysen.

Enorme vassmasser tok nye vegar etter rekordnedbøren mot slutten av sist veke. Folka på Dovrebanen er ikkje ukjende med flaum og rasproblem, men at det skulle oppstå over så lange strekninger samstundes, er noko nytt. Vi har nok hatt enkelt-hendingar der skadene har vore større på ein stad, men nå står vi midt oppe i ein situasjon der banen har blitt påført skader på meir 30 stader langs heile strekninga frå  Lillehammer til Dombås, seier Anders Nicolaysen.

- Langs Mjøsa har vi nå problem med særleg undergangar under sporet som fyllast med vatn. Derfor overvaker vi nå situasjonen nøye gjennom visitasjonar, seier Nicolaysen. På Hamar stasjon kan ikkje personundergangen under spora nyttast. Jernbaneverket har folk der som syter for sikker kryssing av sporet på planovergangen i stedaden.
Slik så det ut mellom Sjoa og Otta. <strong> Foto: Bjørn Iversen </strong>