Rydda og klart på Hallingskeid

– Oppryddinga og gjenoppbygginga av spor og installasjonar etter brannen i juni har no kome så langt at vi kan starte med fundamenta for nytt snøoverbygg om få dagar, seier byggjeleiar Erling M Nesbø på Hallingskeid. Frå 2. oktober skal tog igjen krysse på Hallingskeid for første gong sidan brannen 16.juni.

Tog 602 passerer Hallingskeid 6/9. Snart blir det igjen mulig med kryssinger på stasjonen. <strong> Foto: Njål Svingheim  
Den vesle fjellgrenda Hallingskeid er i ferd med å bli seg sjølv igjen etter den dramatiske brannen i snøoverbygget 16.juni, der også eit dobbelt togsett vart totalskadd. Ryddearbeida og bygginga av nye spor og installasjonar har gått føre seg kontinuerlig sidan da. Banen var stengd i vel ei veke, men det har vore eit stort arbeid å rydde og reinske opp alt etter brannen. Jernbaneverket og entreprenøren Spilde har halde det gåande gjennom heile sommaren, og i slutten av august var det bygd ny, mellombels plattform og trafikken kunne flyttast over på det nybygde spor ein. 

- Det som nå står att før vi igjen kan ta kryssingar her er å leggje inn ein ny sporveksel til stikksporet, byggje opp dette sporet, og å optimalisere sporgeometrien i austre ende av kryssingssporet, seier byggjeleiar Nesbø. Samtidig blir også sporgeometrien betra noko, legg han til. – No skal det leggjast inn sporveksel til stikksporet, og i helga 1.-2. oktober skal siste bit av kryssingssporet på plass. Etter det kan tog igjen krysse på Hallingskeid. Stikksporet er elles heilt naudsynt å ha på plass slik at arbeidstog og vogner kan plasserast der utan å hindre trafikken.

– Det blir mye mannskap og materiell som skal til og frå Hallingskeid framover, sier Nesbø.

Stålbygg

Multiconsult har no ferdig prosjektert eit nytt snøoverbygg på Hallingskeid. Det vil bli eit bygg på til saman 270 meters lengde over begge spora. I den austre delen vil det nye snøoverbygget også dekkje stikksporet slik at dette kan brukast heile året, også av snøryddingstog. Det nye snøoverbygget på Hallingskeid vil bli oppført i stål. - I løpet av kort tid vil entreprenøren Spilde starte arbeida med å støype fundament for det nye bygget, og vi reknar med å kunne velje entreprenør for sjølve bygginga av stålbygget i slutten av oktober, seier byggjeleiaren. Inne i det nye snøoverbygget vil det samtidig bli bygd ei permanent ny plattform i full lengd.

- Her skal vi støype og jobbe med fundamenteringa så lenge det er mogleg utover hausten, seier hovudtryggleiksvakt John Himle. - Men når det blir for mange kuldegrader, må vi innstille for sesongen. Alt vi får gjort i november, er rein bonus her oppe, legg han til. Dermed vil sjølve snøoverbygget først kome opp neste år. Denne vinteren må Jernbaneverket leggje opp til ekstra snøryddingsrutinar på Hallingskeid.

 Det gamle betongbygget over sjølve plattforma vart ikkje skadd, og sjølve stasjonsbygningen vart til alt hell redda frå brannen.

Her skal sporvekselen inn til stikksporet legges inn. Hele området skal bygges inne i det nye snøoverbygget, slik det også var før brannen. <strong>Foto: Njål Svingheim</strong>