Byter ut 55 år gammalt anlegg

Strekninga Egersund – Sandnes vart ferdig elektrifisert i 1956. Tida er overmoden for å byte ut det gamle kontaktleidnings- anlegget på den vêrharde Jærbanen. Heile 1600 kontaktleidningsmaster skal bytast ut med nye, og no har arbeidet med boring av mastefundament kome i gang.

Fundamentsetjetoget borar og set ned nye mastefundament i éin operasjon. Arbeida på Jærbanen går før seg om natta. <strong> Foto: Arne Bujordet </strong>

- Vi veit kor dårleg og utslite det gamle anlegget er, så no var det på høg tid å få byrja, seier fornyingsleiar på Sørlandsbanen, Arne Bujordet.

- Det vart nokre forseinkingar i oppstarten fordi entreprenøren vår, Baneservice, måtte få godkjent og sett i drift eit nytt fundamentsetjetog, fortel Arne Bujordet. Det nye anlegget skal byggjast med autotrafoar, og dette krev kraftigare mastefundament. Boringa og støypinga av fundamenta skjer ved hjelp av eit spesialtog som både borar og set ned fundament i éin operasjon. Deretter blir fundamenta gyste( "støypte" med betong) slik at stålmastene seinare kan skruvast fast på dei. Arne Bujordet er veldig glad for at anlegget no er i gang.

Kraftig vind


55 år gamle tremaster står tett i tett over det vêrharde Jæren. Kraftig vind og mykje salt frå sjøen har tært hardt på anlegga. Over Jæren står elles dei gamle trestolpane mykje tettare enn på andre strekningar. Banen går langs Nordsjø-kysten heile vegen, og den kraftige vinden frå havet krev sitt. – Vi har installert vindmålarar på Jæren, slik at vi kan innføre fartsreduksjonar på toga ved kraftig vind. Dette for at belastingane på det gamle anlegget ikkje skal bli for store, seier Bujordet.

Tidsluker


Heile kontaktleidningsanlegget frå Kjelland omformarstasjon aust for Egersund og fram til det nye dobbeltsporet i Sandnes skal altså erstattast med eit nytt anlegg. Strekninga er om lag 60 kilometer, og det vil seie 1600 master. Boringa og støypinga går føre seg kvar natt, og tida mellom togpasseringane vert nytta så godt som mogleg. –Vi kjøper oss litt tid slik at vi normalt klarer 4-5 master kvar natt, seier Bujordet. I helgane er det større tidsluker med høgare effektivitet. – Vi reknar med at boring og fundamentstøyping vil halde fram gjennom heile dette året og eit godt stykke inn i neste, legg han til.

Til saman reknar Jernbaneverket med at det vil koste over 200 millionar kroner å byggje nytt kontaktleidningsanlegg frå Kjelland ved Egersund til Sandnes.

Gamle tremaster står tett i tett over Jæren. <strong>Foto: Njål Svingheim </strong>