Brufornyingar på Sørlandsbanen

Inga strekning har så mange bruer som Sørlandsbanen. Bruene krev ettersyn og vedlikehald etter bestemte intervall og rutinar, men jamvel fyllingar inn mot bruene må følgjast opp. Bru over Sønderåa sør for Drangedal er ei av bruene som no har fått forsterkning.

Ny og kraftig støttemur er på plass ved Bru over Sønderåa. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong> 

Sørlandsbanen går som kjent for det meste langt inne i landet og på tvers av eit utal av små og store dalføre med tilhøyrande vassdrag. Frå Drammen til Stavanger er det heile 549 bruer med smått og stort. På den eldste delen av banen fram til Neslandsvatn er det mange steinkvelvsbruer, men også ein del bruer bygde i stål. Mellom Neslandsvatn og Kristiansand er det mest stålbruer, mens det mellom Kristiansand og Stavanger er mest betongbruer, men også der somme av stål.

- Ei av utfordringane med stålbruene er at dei utgjer fastpunkt for sporet i begge ender, seier oppsynsmann Jørn Snøås på lina Nordagutu – Neslandsvatn. Sidan sporet på stålbruene ikkje ligg i ballast, men er skrudde fast i bruene, må det på begge sider justerast nøyaktig inn på desse punkta. Når mange av bruene våre ligg i både kurve og stigning/fall samtidig, så inneber det mykje sporjustering for å få eit godt spor inn på og ut av bruene. – Det som
også kjenneteiknar denne delen av Sørlandsbanen, er i tillegg generelt dårlege grunnforhold, seier Snøås. Ustabile grunnforhold med mykje leire gjer at sporet blir meir vedlikehaldskrevjande.

Grundig til verks

Her på Sønderåa bru har vi eit godt eksempel på dette, fortel fornyingsleiar Arne Bujordet. Sør for brua ligg sporet på ei høg fylling mot elva, og for nokre år sidan oppdaga vi at steinar i den store steinmuren ned mot elva hadde forskove seg litt. Det vart da i samarbeid med Norges Geotekniske Institutt sett i gang med målingar på staden, og det vart konstatert at muren som held fyllinga, seig litt utover kvart år. Da vart det bestemt å gå grundig til verks og støype heilt ny forstøttingsmur nede frå elvebotnen og oppover. Gjennom heile det siste året har arbeida vore i gang, og den store fyllinga er no sikra mot utgliding for framtida. – Det blir jo eit stort tiltak av slikt, fortel Bujordet. På Sønderåa måtte vi både byggje ein ny åtkomstveg og tørrleggje elva inntil muren mens vi støypte for å få gjort jobben. Men det er svært viktig at vi har kontroll på slike punkt, understrekar han.

- Så lenge eg kan hugse, har vi støtt og stendig pakka og køyrt på pukk her for få sporet riktig, seier Snøås, men med dei tiltaka som er gjorde på staden, vil det no bli mindre vedlikehaldsarbeid her.

Bruvedlikehald

Blant tiltaka som vert gjorde på og ved bruer er sikring av fyllingar, forsterkning av landkar, utskifting av brusviller, legging av nye gangbaner og nye rekkverk. Mange av stålbruene skal seinare også sandblåsast og målast.

Forutan på Bru over Sønderåa vert det i år gjennomført tiltak på ytterlegare fem bruer på same del av Sørlandsbanen:

  • Bru over Bøelva ved Gvarv
  • Bru over Høydalsbekken ved Nakksjø
  • Bru over Solbergelva nord for Drangedal
  • Bru over Fikjevatn ved Neslandsvatn

Bru over Fikjevatn. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>