Brann i snøoverbygg på Bergensbanen

Bergensbanen er stengt ved Hallingskeid stasjon etter at det torsdag føremiddag braut ut brann i eit snøoverbygg på staden. Ingen mennesker er skadd og passasjerar frå føremiddagstoget Bergen - Oslo er henta tilbake til Voss av eit anna tog.

Det var snøoverbygget i austre ende av Hallingskeid stasjon som byrja å brenne. Tog 62 (frå Bergen til Oslo) blei ståande på Hallingskeid då straumen fall ut som følgje av brannen. Dei om lag 250 passasjerane blei evakuert frå toget og ned på anleggsvegen og ei turisthytte eit stykke frå stasjonen. Ingen mennesker blei skadd, og passasjerane blei hentet tilbake til Voss av eit anna tog.

Brannen har spredt seg mot  togsettet og det er store materielle skader på dette og på snøoverbygget. Stasjonsbygningen på Hallingskeid skal vere redda. Bergensbanen blir framleis stengt ved Hallingskeid til brannen er slokt og togsettet fjerna. Det er sett inn både brannslokkingshelikopter og sendt mannskap opp frå Voss brannvesen. Årsaka til brannen i snøoverbygget på Hallingskeid er ikkje kjent. Slukningsarbeidet vil gå føre seg utover heile torsdag kveld.
(Oppdatert kl 15.20)

Snøoverbygg Hallingskeid øst. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>