Bergensbanen stengd Ål - Geilo

Bergensbanen blei stengd frå Ål til Geilo tirsdag kveld etter at store, lokale nedbørsmengder skylte ut underbygninga på jernbanen på to stader i Sangelia i Ål kommune. Mens banen er stengf, blir det sett inn buss for tog frå Ål til Geilo.

Den kraftige nedbøren tirsdag kveld skylte ut underbygninga under jernbanesporet på to stader. På begge er det snakk om mange kubikk med masse som er borte. Vidare førte nedbøren til at deler av vegnettet lokalt er øydelagd.

Arbeidet med å byggje veger og reparere skadene på jernbanen vil vere særs omfattande. Det er difor ikkje klårt når banen frå Ål til Geilo kan opnast att.

Jernbaneverket starta onsdag føremiddag med å utbetre dei omfattande skadene. Steinmasser hentes frå Hol pukkverk som ligg  like ved rasstadene. Det er to store utglidingar og fleire mindre som må utbetrast, og stein til å byggje opp at fyllingane skal fraktast inn med sidetippvogner. Ein lokal entreprenør som Jernbaneverket har avtale med er onsdag  og klår til starte jobben. Jernbaneverket har planene klare for korleis underbygninga, sporet, kontaktleidningen og kablene skal reparerast. Målet er å opne banen så snart det er mmogeleg, men dette vil altså ta fleire dagar.
 

Foto: Jon-Anders Hefte