Bergensbanen opna att mandag kveld

Bergensbanen vert opna for trafikk att forbi Myrdal stasjon måndag kveld klokka 20. Eit spor er då farbart, men persontoga vil ikkje stoppe på Myrdal før fleire spor er rydda etter raset som gjekk sundag kveld.

Geologar skal underdsøkte måndag staden der raset gjekk. Dei ga klarsiganal til å køyre gjennom Myrdal stasjon og til å starte oppryddingsarbeidet. 

Første tog forbi Myrdal i kveld blir eit godstog, medan første persontog blir tog 63 frå Oslo til Bergen. Inntil fleire spor på Myrdal er rydda, vil det ikkje kunne krysse tog på stasjonen, noko som vil føre med seg forseinkingar i trafikken. Jernbaneverket arbeider for fullt med oppryddinga. Flåmsbana er stengt til og med tirsdag, og det blir ingen avstiging for passasjerar på Myrdal inntil vidare.

Fleire spor på Myrdal stasjon er dekkja av eit fleire meter tjukt lag av jord og stein i om lag 30 meters lengde. Også overbygget som ligg inntil togspora på stasjonen er råka av raset. Det er satt opp alternativ transport mellom Gol og Voss fram til banen opnast att i kveld. Toga frå aust køyrer til Finse/Hallingskeid.  For meir informasjon om trafikkavviklinga, sjå www.nsb.no.

Raset råka eit overbygg og sperra fleire spor på Myrdal stasjon. <strong> Foto: Geir Anders Skjerlie </strong>