Bergensbanen opna att Evanger - Bulken

Bergensbanen vart opna att mellom Evanger og Bulken ved 09.30-tida måndag etter at ras sperra linja tidlegare på morgonen.

Det gjekk to mindra ras over linja måndag morgon, noko som råka lokaltrafikken på Vossebanen. Føremiddagstoget frå Bergen til Oslo, tog 62, kunne passere staden om lag ein halv time etter ruta ,og trafikken vil etter kvart kome i rute att utover føremiddagen.