Bergensbanen opna att onsdag morgon

Bergensbanen, som har vore stengd frå Arna til Voss sidan måndag på grunn av tre ras, er nå opna att. Med unnatak av Flåmsbana, som vil vere stengd heile onsdag, tyder det at alle banestrekningane i Norge er opna etter uværet Dagmars herjinger.

Ein etter ein er banestrekingane som blei råka av trefall, utglidningar og ras opna att. Hovedbanen frå Dal til Eidsvoll blei opna onsdag morgon i 8-tida og Vossebanen onsdag morgon kl. 08.30. Det første toget i ordinær rute, eit lokaltog til Voss, gjekk frå Bergen kl. 08.40.  

Natt til onsdag gjekk det imidlertid eit 60 meter bredt ras ved Blomheller på Flåmsbana. Alle avgangane her vil vere innstilt onsdag.