Bergensbanen opnar i natt

Bergensbanen opnar ved midnatt natt til laurdag etter å ha vore stengd sidan tirsdag kveld frå Ål til Geilo. Først i løypa for å passere er nokre godstog, mens nattoga frå aust til vest blir dei første persontoga.

Bergensbanen blei stengd mellom Ål og Geilo tirsdag kveld etter at store, lokale nedbørsmengder øydela underbygninga til banen på fleire stader over ein kort strekning. Skadene var så store at dei første anslaga gjekk ut på at banen ville vere stengt til over helga. Takka vere stor innsats døgeret rundt frå mange, ikkje minst lokale maskinentreprenørar, kan banen altså opnast att allereie natt til laurdag.